×
Annonse frå Årdal Næringssamskipnad
Harald Husabø (BDO, Årdal), Elin Heen (Årdal Kommune) og Frank Øvstetun (Sitep), er berre eit lite utval av årdølene du kan snakke med på Karrieremessa i Grieghallen.
Harald Husabø (BDO, Årdal), Elin Heen (Årdal Kommune) og Frank Øvstetun (Sitep), er berre eit lite utval av årdølene du kan snakke med på Karrieremessa i Grieghallen.
Innhald frå annonsør

Derfor er det smart å snakke med Årdøler i Grieghallen

Er du klar over kor mykje som skjer i Årdal? Nye teknologiarbeidsplassar kombinert med ein offensiv kommune, kan vera gull for unge par som vil etablere seg. Her får du tips til kven du kan snakke med på karrieremessa i Bergen den 4. februar.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

– Bedriftene i Årdal skal rekruttera mellom 300 og 600 fram mot 2025. Norsun er allereie i gang med si utbygging, og verksemder som Impec og HMR går godt og treng folk, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.

I desse tala ligg det langt meir enn berre industriarbeidsplassar. For sjølv om mange av verksemdene som blømer har utspring frå industrien, og gjerne heilt konkret Hydro, er det nesten slik at ein snakkar meir om «teknologi» enn «industri» i Årdal no.

– Årdal er i ferd med å bli eitt av dei største teknologisentera på Vestlandet, og det er veldig spanande å vera med på, meiner Laberg.

Årdal blir meir variert

Men det er meir enn industri og teknologi som blømer i Årdal anno 2020.

Ein av grunnane er alt som no også skjer på heilt andre områder enn dei tradisjonelle «årdalsnæringane». Sjølv dei som er fødde og oppvaksne i bygda, men har vore ute og studert nokre år, kan ta seg i å bli overraska.

  Foto: MICK TULLY

– Eg synes me ser ei framoverlent innstilling i Årdal no. Unge har mange moglegheiter her. Det gjeld framfor alt i det teknologiske miljøet, men også i det mangfaldet me ser utviklar seg innanfor tenesteytande næringar, sier Harald Husabø, partner i BDO, Årdal.

Snakk med Harald Husabø

BDO og Harald Husabø er på plass i Grieghallen, sidan dei synest det er ein god arena for å knytte kontakt med folk med kompetanse:

– Me er på leit etter flinke folk, helst med tilknyting til regionen. Masterutdanning innan økonomifag er midt i blinken for oss, seier Husabø.

Men sjølv om du ikkje har eller er i gang med ei lang økonomiutdanning, kan Husabø vera ein interessant mann å snakke med. Gjennom sitt arbeid som rådgjevar for næringslivet i Årdal og regionen, kjenner han svært godt til det som skjer, og ikkje minst det som er på gang i nær framtid.

Sitep: ein sentral «hub»

Ein anna spanande stad å stoppe opp og ta ein prat, er standen til Sitep. Dei er eit bindeledd mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonar, både «nedover» mot vidaregåande, og «oppover og utover», mot høgskulemiljøa på Vestlandet, men også på Raufoss og Kongsberg – og industrien der. Om du planlegg bachelor- eller masteroppgåve, er det vel verdt å undersøke moglegheitene via kontaktane til Sitep. 

Frank Østetun, dagleg leiar av Sitep. Foto: Synne Asheim Haga

Sitep skal også vera ein «hub» for innovasjon i teknologimiljøet. Frank Øvstetun leiar satsinga, og nettopp han vil vera smart å slå av ein prat med i Grieghallen, i alle fall for dei som tenkjer ei kvart omdreiing i teknologisk retning. Han er nemleg glødande oppteken av teknologiutvikling og har svært god innsikt i det som skjer i Årdal akkurat no.

Øvstetun har også klare tankar om kva som er et sunt miljø for nyskaping:

 – Me vil gjerne ha med fleirkulturelle i vårt miljø. Mangfald er alltid bra, men det er faktisk spesielt viktig når ein arbeider med innovasjon, seier Øvstetun.

67% jenter

At dette også gjeld kjønn, er stadfesta ved dei to nytilsetjingane Sitep gjorde i 2019 – begge dei to nye er damer. Dermed er kvinneandelen 67% i den førebels faste staben.

Programmering: Linda Nordheim og Cecilie Holst "leikar seg" med den nye øvingsfabrikken til Sitep. Foto: Lidvar Berge

– Me vil nok ikkje oppskalere så mykje no, før den nye teknologiparken er på plass. Men når det nye bygget står ferdig, vil det også bli fleire og større oppgåver å fylle, også for oss, held Øvstetun fram.

Dei endelege teikningane til Årdal Teknologipark – ei storsatsing til mellom 40 og 50 millionar – er no klare. Målet er at bygget skal fyllast med innhald frå våren 2021.

Arbeid for begge i Årdal

Når ei personleg framtid skal fyllast med innhald, er det lang tradisjon for å finne saman, to og to. Den klassiske utfordringa er då å finne arbeid til begge.

Derfor er det mangfaldet i næringslivet som Husabø trekk fram så viktig, og derfor er det også interessant at Årdal Kommune har ei offensiv innstilling til rekruttering: Dei har sidan 2011 lokka med 35 000 kroner årleg og garantert jobb til dei som utdannar seg til yrker kommunen har behov for.

Elin Heen, leiar for personalstaben hjå Årdal Kommune. Foto: Kristine Haglund

– Me er på plass i Grieghallen for å fortelja om alle dei moglegheitene som finnast i Årdal no. Det gjeld sjølvsagt helse og utdanning, men også innan andre område. Innstillinga vår er at me vil leggja til rette for unge som vil etablere seg i bygda. Og det gjeld «heile pakka»: jobb, bustad og barnehage, seier Elin Heen, som er leiar for personalstaben i kommunen.

Møte med menneske opnar nye moglegheiter

Og om du snakkar med Heen eller kommuneingeinør Jorunn Teigen Hellem, som også er på fellesstanden til kommunane i Sogn, er det godt mogleg du blir overraska over kva for utdanningar som kan gi moglegheit for jobb i kommunal sektor.

– Me opplevde det nyleg på karrieremessa i Trondheim: Ingeniør er ikkje berre ingeniør, det er jo så mange ulike retningar! I dialogen med studentane får me bedtre innsikt i deira utdanning, og dei kan få ei a-ha-oppvleving av dei mogleheitene som finnast hjå oss. Denne dialogen vil me gjerne ha i Bergen også, med alle dei ulike studieretningane som jo er der, seier Heen. 

For ja, du kan finne mykje info på nettet. Og ja, du kan bla i fine brosjyrar. Men det er gjerne i møte med menneske dei interessante tankane og ideane kjem – kanskje også for din del?

Me ser deg i Grieghallen!

Til toppen