×
Annonse frå Årdal Utvikling
Fagmøbler Årdal: – No peikar pilene rette vegen!
Innhald frå annonsør

Fagmøbler Årdal: – No peikar pilene rette vegen!

Tomme butikkvindauge midt på torget er trasig. Men frå mai 2016 har det det igjen vore liv i butikklokalet på 1000 m2 under Samhold. I 2018 har Fagmøbler i Øvre Årdal hatt ei fin utvikling, og dei er ikkje aleine: Handelsnæringa i Årdal vaks med 3,3% i 2018, meir enn både Førde, Sogndal og landssnittet.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Årdal: – Me må ha ein møbelbutikk i Årdal! Dette er noko av det første Line Moen fortel når vi kjem inn på bakgrunnen for møbelsatsinga i dei gamle Coop-lokala. Ho har nemleg vore med frå starten, saman med to andre lokale medeigarar, men først i 2018 tok ho også kommandoen, som dagleg leiar på butikkgolvet.

Etter nokre år som lærar ved Årdal vidaregåande skule, har ho nemleg permisjon i store deler av stillinga for å drive butikken sjølv.

– Det krevst mykje for å få ein slik butikk opp å gå, det er klart. Men eg likar å jobbe, så det går bra, spesielt når ting går rette vegen i bygda, slik som no.

Line Moen, dagleg leiar av Fagmøbler Årdal. Foto: Lidvar Berge

Det kjem tydeleg fram at engasjementet til Moen ikkje berre er knytt til å få eigen butikk til å gå rundt, men at det er samspelet i handelsnæringa som er det overordna viktigaste for ho:

– Me har jobba hardt for å koma dit me er i dag, men det har andre også. Og til saman gjer dette det meir interessant for alle oss om bur i bygda å handla lokalt; at ikkje me må til Sogndal for å skaffa både eitt og hitt. Derfor er det gledeleg at tala for handelen i Årdal no er så positive. 

Veksten i detaljhandelen i Årdal i 2018, med unntak av motorvogner, var på 3,3 prosent (Balanza Gruppen AS). Det er betydeleg over landsnittet på 2,2 prosent (SSB), og også meir enn dei tradisjonelle vekstmotorane i fylket – Førde og Sogndal. 

Fagmøbler: – Litt lokal

Kjeda Fagmøbler har utspring frå Sandane, noko som ifølgje Moen gjer tilnærminga deira «litt lokal». Det kjem til utrykk gjennom ein tett dialog med leiinga, og at butikkgründerane i Årdal har ei kjensle av å snakke same språket som kjedegründarane i Nordfjord.

– Fagmøbler er også i sterk vekst, noko som er spanande å være ein del av, fortel ho.

Unikt system: Hjå Fagmøbler kan du bygge din sofa i 3D Foto: Lidvar Berge

Noko av det Fagmøbler truleg er best på i Noreg, er sofaer som kunden kan setje saman sjølv etter modulprinsippet. Her kan kundane vri og vende på alle byggeklossane, med stor fleksibilitet, slik at dei får resultatet akkurat slik dei vil ha det. Det heile blir gjort i eit 3D-dataprogram, og vist på ein stor skjerm i butikken.

– Dessutan er det viktig for oss å vise fram heilskaplege interiørkonsept, ikkje berre enkeltmøblar, noko me er medvitne på både i butikkutstillinga og i kundeavisene, seier Moen.

Meir enn standard og vil satsa på kontor

– Men me har også eit litt anna sortiment enn standardbutikkane. Lamper finst ikkje elles i bygda, og utvalet av interiørartiklar er heller ikkje så rikhaldig, akkurat. Derfor har me eit større utval enn dei andre kjedebutikkane på desse områda.

Lampebutikk: Det treng jo bygda, derfor har Fagmøbler utvida det sortimentet i Årdal. Foto: Lidvar Berge

Ho innrømmer at ho gjerne plukkar ut ting ho likar sjølv til utvalet av interiørartiklar, og at det er viktig å ha noko å tilby unge og trendy Årdøler.

Neste utviklingsområde er kontormøblar. Det heng saman med at Fagmøbler Årdal får ein ny tilsett som har erfaring og kompetanse på akkurat dette, noko som er naturleg å gjere seg nytte av.

Utkøyring og montering

I konkurransen med andre aktørar, t.d. i Sogndal, er det viktig å utnytte dei lokale føremonnene: Fagmøbler Årdal tilbyr både utkøyring og montering av alt dei sel, også om det er til ei hytte på Filefjell.

– Det blir viktig å også nå marknader utanfor bygda framover. Hytteutbygginga både i nærområdet og i nabokommunar er interessant, og da passar det godt at me har eit eige inspirasjonsmagasin med hytte som tema, avsluttar Line Moen.

Fagmøbler: Heilheit i utstillinga er viktig Foto: Lidvar Berge
Til toppen