Reklameinnhald
KOMPETANSEHEVING: Hanne Smedegård tykte alle dei 7 gratiskursa var freistande. (Bilde: (Foto: Synne Asheim Haga))
Innhald frå annonsør

Oppmodar handelen og servicenæringa om å nytta sjansen og delta på kurs

I samarbeid med Folkeuniversitetet, tilbyr Årdal Utvikling no ein serie gratiskurs for å heve kompetansen i det lokale næringslivet. – Alle kursa er eigentleg fine for dei som driv butikk, seier Hanne Smedegård på Tisku.

I SNP 2017–2020 er kompetanseutvikling i næringslivet definert som ein viktig strategi. Lokalt næringsliv vil ha behov for kompetent arbeidskraft både i utvikling og dagleg drift. 

– Dei «nye» næringane i Årdal, som skal gjere kommunen mindre sårbar, stiller nye krav til kompetanse, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.

Han snakkar om reiseliv, helse, handel og tenestnæringane. Som eit verkemiddel i kompetansearbeidet, er det utarbeida eit omfattande kurstilbod for næringslivet. 

Under finn du detaljert informasjon om dei ulike kursa. Du kan sjølv velja om du vil delta på eitt eller fleire. Kursa har 10 plassar kvar, er gratis og vert gjennomført med ei samling i veka på ettermiddag. Deltakarar treng ikkje å kunne noko om dei ulike områda for å delta.

Eit tiltak mange kan ha nytte av

Deltakarane vil få moglegheita til å fornye seg, oppretthalde kunnskap og dele erfaringar med andre. Stine Haugen er ein av dei som tykkjer at tilbodet kan kome godt med. 

– Det er ganske mange kollegaer som kan ha god nytta av dette, spesielt datakurset og kompetanseheving sal. Delen med kommunikasjon - både ut mot kundane og internkommunikasjon - er veldig viktig for oss, seier Haugen. 

Ho trur at kursa også er relevante for andre og påpeikar at alle som driv med sal, bør vera gode på både personleg kommunikasjon og kommunikasjon via sosiale media. 

– Akkurat her på butikken er me to stykk som driv med sosiale media, så då fell veldig mykje av det ansvaret på berre to av oss. Det er veldig positivt om fleire kan ha kunnskap om slike ting, sier ho.

GODT TILTAK: — Det er fort at det går i vanleg driv heile tida, seier Stine Haugen på Coop.
GODT TILTAK: — Det er fort at det går i vanleg driv heile tida, seier Stine Haugen på Coop. Bilde: Synne Asheim Haga

Tykkjer alle kursa er freistande

– Eg synst det er kjempebra. Alle kursa er eigentleg fine for dei som driv butikk, det er ingen som ikkje er freistande, seier Hanne Smedegård på Tisku.

Sjølv har ho allereie meldt seg på, og ho oppmodar fleire om å gjere det same. 

– Eg trur ingen kan for lite til å melde seg på. Og kan ein noko frå før, er det uansett godt med oppfriskning, seier ho.

 

IKT – datakurs med skylagring - 30 TIMAR

Få innsikt i kva som meinast med skytjenester og kva for muligheiter desse tenestene gir. På kurset vil du få ei rekke tips og trene på dei mange moglegheiter som finnast i desse programma. Lær å arbeide effektivt og lage profesjonelle dokument.

Skytjenester

  • Kva er skytjenester
  • Gratisløysingane Onedrive og G-disk
  • SharePoint – Korleis verkar den i praksis?

Outlook

  • Handtering av e-post
  • Kalender som arbeidsplanleggar
  • Kontaktbok
  • Fletting av e-post frå Word/Excel
  • Bruk/integrasjon av smarttelefon
  • Hurtigtastar

Excel

  • Kort innføring i Pivottabellar
  • Diagram inkl. bygging av Dashboard
  • Nokon nyttige funksjonar/formlar
  • Formatering og validering av skjema
  • Konsolidering av rekneark
  • Hurtigtastar

Word

  • Jobbe med store dokument
  • Formatering og bruk av stilar
  • Innhaldsliste og fotnotar
  • Fletting av brev/e-post
  • Kopling mot Excel og hurtigtastar

Powerpoint

  • Lag/rediger din eigen mal
  • Bruk av SmartArt og koplingar
  • Utforming/overgangar/animasjonar
  • Tilpasning lysbildefremvisar/ tidsberekning

 

IKT – sosiale media og marknadsføring - 30 TIMAR

Kurset passar for deg som har kampanjeansvar og som ynskjer å lære meir om marknadsføring av verksemder gjennom sosiale media.

  • Å lage marknadsplan
  • Produksjon og kvalitetssikring av innhald i marknadsføring
  • Publiseringsplan
  • System og rutinar
  • Marknadsføring i sosiale media
  • Søkeoptimalisering
  • Mobil- og e-postmarknadsføring
  • Bruk av IKT til å søke, finne og bruke informasjon
  • Vurdere informasjon frå digitale kjelder med særleg vekt på kjeldekritikk

 

 

IKT – Profilering og bruk av digitale verktøy - 50 TIMAR

Kurset passar for deg som jobbar med profilering, produserer prisplakatar og andre skriv. På kurset vil du lære om digitale verktøy som du kan nytte til dette.

  • Innføring i Word til produksjon av plakatar og skriv
  • Innføring i Publisher til produksjon av plakatar og skriv
  • Bildebehandling
  • Skri og fontar
  • Komposisjon
  • Fargelære og fargekontrastar
  • Ulike typar trykte format
  • Bruk av IKT til å søke, finne og bruke informasjon
  • Digitale kjelder med særleg vekt på kjeldekritikk
  • Presentere informasjon til ei bestemt målgruppe og ta etiske omsyn

 

 

Økonomiforståing og Excel som verktøy - 50 TIMAR

Kurset passar for deg som driv eller er leiar i ei mindre verksemd, eller har økonomisk ansvar på din arbeidsplass. På kurset lærer du økonomiske verktøy og bruk av Microso Excel i analyse.

  • Sentrale økonomiske omgrep og samanhengar du bør kjenne til
  • Viktige faresignal du bør være merksam på
  • Utarbeiding av: Budsjett, scenarioanalyse, risikosanalyse og analyse av lønsemd
  • Bruk av fleirdimensjonale analysar av store butikkdata ved hjelp av Pivot, med tanke på meirsal og auka lønnsemd

 

Kompetanseheving sal - 100 TIMAR

På kurset vil ein ta føre seg korleis ein kan på beste måte kan nytte lesing, skriving og munnleg kommunikasjon i verksemder som driv med sal og kundehandsaming. På kurset vil du blant anna lære:

 

Å lese og forstå:

  • Produktinformasjon, bruksanvisningar og garantiar
  • Dokument og pakksedlar ved varelevering
  • Bestillingar frå kundar
  • Interne skriv og informasjon frå leiarar
  • Rutinar, reglar og HMS
  • Forbrukarlover og rettar

Munnleg kommunikasjon

  • Få kunden til å føle seg velkomen
  • Rettleie og kunne kunden sitt behov
  • Formidle produktkunnskap til kunden
  • Presentere ulike produkt og kampanjar for kundar
  • Dialog med leverandørar og distributørar
  • Ta imot og handsame klagar og reklamasjonar frå kundar
  • Intern kommunikasjon

Skrive

  • Tilbod til kundar
  • Bestillingar til leverandørar
  • Reklamasjonar
  • Dokumentere avvik og hendingar
  • Skjema og søknadar knytt til arbeidet
  • Vise til lover og reglar til kundar og leverandørar
  • Skrive prisplakatar og andre skriv til butikken

  

Forkurs til fagbrev - salsfaget - 90 TIMAR

Forkurs til fagbrev innan i salsfaget, gir deg høve til å få innsikt i teoridelen til dette fagbrevet. Kurset vil ha fokus på dugleikar som lesing, skriving og rekning innan sal. 

  • Faglege problemstillingar og omgrep
  • Studieteknikk
  • Erfaringsutvekslingar
  • Deltakarane får høve til å komme med ynskje om tema som skal bli tatt opp i undervisninga

 

Frå kollega til leiar - 100 TIMAR

Kurset passar for deg som enten er eller ynskjer å bli leiar. Du tileignar deg kunnskap som gjer deg i stand til å utøve leiing på mellomnivå.

Leiing og rolleforståing

  • Introduksjon til leiarutvikling
  • Verdiar/åtferdskrav
  • Leiaren som rollemodell
  • Ansvar som ligger i leiarrolla
  • Målstyring - sette mål og følge opp

Leiing og kommunikasjon

  • Korleis snakkar vi saman, og kva er god kommunikasjon?
  • Å skape engasjement og motivasjon
  • Effektiv møteleiing og tydeleg kommunikasjon
  • Å styre på mål, sikre oppfølging og gjennomføring, samt gi anerkjenning/evt. konsekvens
  • Samarbeid/team
  • Den vanskelege samtalen
  • Den fleirkulturelle arbeidsplassen
  • Kundeservice og sal
  • Kundefokus - Internt og eksternt
  • Kvalitet
  • Servicefaktorar

Økonomi

  • Praktisk økonomi
  • Kalkulasjon og praktisk budsjettering
  • Å lese rekneskap

Personal- og arbeidsrett

  • Arbeidsrett
  • Tilsetjing og avtalar
  • Oppfølging og medarbeidarsamtalar
  • Sjukefråvær/ personalsaker
  • Avslutning av arbeidsforhold
  • Arbeidstid dokumentasjonskrav
Til toppen