×
Annonse frå Årdalsnett
God ide? Eller vil metallet i pynten like ved WiFi-sendaren forstyrre signala?
God ide? Eller vil metallet i pynten like ved WiFi-sendaren forstyrre signala? (Foto: AirTies)
Innhald frå annonsør

5 tips til betre internett i 2020

Trafikken på den digitale motorvegen i bustaden din aukar stadig. Er du klar for dei utfordringane som ventar i 2020?

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Hugsar du den gode kjensla av lynsraskt internett då du fekk innlagt løysinga frå Årdalsnett? Er den kanskje litt redusert no?

Det kan vere vanen, at du rett og slett er blitt bortskjemt med fiberfart. Årdalsnett har jo nådd full utbygging i heimbygda, mellom anna gjennom ein avtale med Årdal Boligbyggelag om TV- og internettpakkar i alle burettslaga. Det har gjort raskt internett tilgjengeleg for alle årdøler.

Men det kan også vere reint tekniske hinder som du etter kvart kjenner på. Og sidan raskt og stabilt internett no kanskje er det mest sentrale i ein bustad, på same nivå som straum og vatn, vil det vere smart å ta en nyårssjekk på nettverket ditt.

Derfor gir vi deg fem tips til betre internett i 2020 – der det siste er spesielt verdt å merke seg for alle med unge nettbrukarar i heimen. Og vi hektar på eit ekstra tips undervegs, og eit reint bonustips heilt til slutt.

1. Har du nok kapasitet?

Gradvise endringar er ikkje så lette å merke. Tek det litt lenger tid før nettsider lastar? Tygg Netflix litt meir før filmar kjem i gang (buffrar)? Da kan det vere at datatrafikken din sakte med sikkert har nærma seg det tekniske taket som er sett i ditt abonnement:

Årdalsnett, Jan Stian Smedegård
Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdalsnett Foto: Lidvar Berge

– Ein Netflix-film i ultra HD krev 25 Mbps av linja di. Dersom to skal strøyme samtidig, vil det altså krevje 50 Mbps. Om du opplever at filmane hakkar, bør du derfor vurdere å oppgradere til eit abonnement med høgare hastigheit, det kostar lite i forhold til frustrasjonen over hakkinga, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdalsnett.

I tillegg kjem nemleg alle dei små «databekkane» i ein moderne bustad: fleire telefonar, som stadig oppdaterer appar i bakgrunnen. Nettbrett og pc-ar, som er tilkopla internett så snart dei er på, og stadig fleire smarte dingsar, som jo også kommuniserer over nettverket ditt.

Dette blir digitalvarianten av at «mange bekker små, blir en stor å» (til informasjon: «å» er eit gamalt namn på elv – og opphavet til namnet Årdal.)

Treng du hjelp til å vurdere kor stor din datatrafikk er? Ta kontakt med kundeservice og skriv opp alle dei apparata som er tilkopla internett hjå deg i skjemaet, eller ring oss på telefon 57 66 44 00 mellom kl. 08:00 og 15:30.

2. Har du bra nok Wi-Fi?

Mesteparten av internettbruken i ein bustad går trådlaust, altså over Wi-Fi. Derfor er det viktig at det trådlause nettet ditt er av god kvalitet, og riktig sett opp. Utgangspunktet er som regel i stova, sidan modem/ ruter er plassert i nærheita av TV-en.

Best å gøyme? Nei, i alle fall ikkje rett bak TV-en, den vil blokkere mykje av signala. Den beste løysinga får du om du set opp eigne, frittsåande Wi-Fi-sendarar, som "snakkar saman" i eit maskenett (mesh). Foto: Lidvar Berge

– Ikkje gøym sendaren bak TV-en eller andre apparat som kan stoppe signala. Plasser gjerne sendaren høgt, til dømes på ei hylle. Hugs at signala har problem med å gå gjennom veggar og etasjeskilje med armert betong, til dømes rom med varmekablar eller golv med vannbåren varme. Men også gamle tømmerveggar og massive gjenstandar, som eit akvarium, kan dempe signala mykje, forklarar Smedegård.

Tenk gjerne på Wi-Fi-sendaren som ei lyspære. Du set ikkje lampa lågt eller bak noko om du vil lyse opp heile rommet.

Enten du har stor bustad, fysiske hinder eller kanskje ønske om Wi-Fi også på ein uteplass eller i garasjen, har Årdalsnett ei god løysing i AirTies. Det er eit sokalla maskenettverk (mesh), som er ei langt meir teknisk avansert løysing enn berre å bruke utstyr som utvidar rekkevidda til ein enkeltsendar.

Alle gode ting er tre? Du vil i alle fall få eit suverent Wi-Fi-nett med betre hastigheit, stabilitet og rekkevidde om du oppgraderer en vanleg router med ei mesh-pakke frå AirTies. Foto: AirTies

– I eit maskenettverk er alle sendarane i kontakt med kvarandre, og sikrar at signala finn den beste og raskaste vegen mellom deg og ruteren i stova. For å auke den trådlause rekkevidda, er AirTies truleg den beste løysinga, meiner Smedegård.

Årdalsnett har nemleg levert AirTies som Wi-Fi Premium allereie i fleire år, med veldig gode erfaringar: Dei fleste Wi-Fi-problem forsvinn med AirTies.

Les meir om AirTies og bestill Wi-Fi Premium her.

Ekstratips: 2,4 eller 5 Ghz?

På dei fleste ruterar kan du velje mellom Wi-Fi-frekvensane 2,4 eller 5 Ghz. Om du får opp to ulike nett hjå deg, kan det lønne seg å leggje merke til kva for eit av desse du er tilkopla. Generelt gir 5 Ghz best hastigheit, medan 2,4 gir betre rekkevidde.

– For dei fleste med nytt utstyr og god dekning vil me anbefale å kople til dømes mobiltelefonar til 5 Ghz, og heller gå over til 2,4 Ghz dersom dekninga blir for dårleg, seier Smedegård.

3. Planlegg nettverket ditt

Kabel er best, men det kan vere ein omfattande jobb å trekkje LAN-kablar til kjellar og loft i ein bustad. Da kan det vere ei god løysing med ei virtuell kabling: Å setje opp eit maskenett med AirTies-sendarar, og bruke kabeluttaket frå satelittane til til dømes Playstation og spel-PC-ar. Foto: AirTies

Om du tenkjer å utvide det trådlause nettverket ditt med AirTies, er det verdt å leggje ein plan for kor du skal ha sendarane. Årdalsnett kan hjelpe deg med ei best mogleg tilpassing til din bustad, og ein generell plasseringsguide finn du her.

Ein ofte undervurdert fordel med å utvide nettet med AirTies, er moglegheita det gir til kabla tilkopling ut frå satellittane i maskenettverket.  

– Det er ein fordel å kople mest mogleg med kabel. Du brukar nemleg meir av den trådlause kapasiteten for kvar eining du koplar til Wi-Fi-nettverket. Spesielt utstyr som PlayStation og spel-PC-ar vil ta mykje av den trådlause bandbreidda og fungerer betre med kabel, forklarar Smedegård.

4. Tenk på oppdatering og vedlikehald

Ingen ting fungerer like godt, år etter år, utan tilsyn eller service - heller ikkje eit trådlaust heimenettverk. Sørg for at alt utsyr har oppdatert programvare, både PC-ar, nettbrett, telefonar og modem/ ruter. Eit enkelt tips kan vere å slå av og på modem/ ruter av og til. Når den startar opp igjen, vil den resette seg. Sjekk med det same at alle statuslamper lyser som dei skal.

Ver obs på gamalt utstyr: Det kan ha sendarar og mottakarar som ikkje utnyttar kapasiteten i nettverket ditt, og i verste fall kan gamalt utstyr forstyrre signala og gjer kapasiteten på Wi-Fi-nettet dårlegare.

5. Ta kontroll over nettverket

Med AirTies får du også eit godt verktøy for å administrere nettverket ditt. Du kan laste ned ein eigen AirTies-app, som du mellom anna kan bruke til feilsøking eller overvaking av det trådlause nettverket, og til å setje opp gjestenettverk.

Du kan også setje tilgangstider for alle einingane som er tilkopla nettverket, og dermed kontrollere tilgangen til yngre familiemedlemmer. Ikkje internett om natta, til dømes.

Bonustips: Spørsmål eller problem? Ring Paula!

Ring Paula: På dagtid er Paula Fykse nr. 1 på telefonsvarlinja til Årdalnsett, men me har sjølvsagt eit system som sender deg vidare til andre dersom ho er oppteken. Foto: Årdalsnett

Uansett kva for tilbydar av internett og TV du vel, vil det før eller sidan dukke opp spørsmål - eller problem. Då vil du merke ein av dei store fordelane med ein lokal leverendør som Årdalsnett: Me er tett på kundane.

I kontortida vil det frå no av normalt vere Paula Fykse som svar deg først:

– Me tek alle spørsmål frå kundar alvorleg, og jobbar målretta for å gi deg rask og god service. For oss, som ein liten og lokal aktør, er alle kundar like viktige, understrekar Paula.

Treng du hjelp med noko? Ta kontakt med kundeservice, eller ring oss på telefon 57 66 44 00 mellom kl. 08:00 og 15:30.

Vakttelefon: Mandag til torsdag: 15.30 - 23.00, fredag: 15.30 - 20.00, og laurdag og søndag: 10.00 - 20.00

Til toppen