×
Annonse frå Årdalsnett
LED-LYS: Juletrelysa er kanskje fine å sjå på, men dei kan også forstyrre Wi Fi-signalet og julefreden.
LED-LYS: Juletrelysa er kanskje fine å sjå på, men dei kan også forstyrre Wi Fi-signalet og julefreden.
Innhald frå annonsør

Derfor får mange Wi Fi-problem i jula – slik kan du fikse det

Alt ifrå byggemateriale til naboens trådlause nett kan bidra til utfordringar med Wi Fi. Når me attpåtil kjører på med julelys og trådlaus elektronikk under treet, blir varierande nettdekning eit typisk problem i desember. 

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Alt elektrisk utstyr som sender ut trådlause signal, kan blokkere for andre trådlause signal. Dette kan for eksempel komme ifrå høgtalarar, ringeklokker eller julepynt med LED-lys.

Sistnemnte er naturleg nok svært aktuell no. Kanskje er det LED-lys i julestjerna i vindauget, dei elektriske telysa, lyslenkja i treet og i den blinkande nissen.

– På same måte som at nokre opplev at DAB-radioen ikkje fungerer, kan LED-lysa påverke Wi Fi-signalet, seier Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett.

Generelt bør ein passe på at alt elektrisk utstyr sender på riktig frekvens og held seg til norske forskrifter. Det er spesielt viktig å vere obs på billige produkt bestilt frå utlandet.

– Om du til dømes bruker «piratutstyr», kan du risikere at den trådlause ringeklokka utløyser brannalarmen, eller endå verre: forstyrrer Wi Fi-signalet, seier Øren.

 

FORSTERK WI FI-SIGNALET: AirTies betrer nettdekninga du allereie betaler for.
FORSTERK WI FI-SIGNALET: AirTies betrer nettdekninga du allereie betaler for.

 

Slik kan du unngå problemet

 Andre faktorar som påverkar Wi Fi-signalet, er vannbåren varme, metallflater og varmekablar, tjukke veggar i betong eller tømmer. Også walkie talkie, babycall og bluetooth kan ha innverknad.

Årsakene kan vere mange. Kva som er beste løysing hos deg, kjem an på kva problemet er. Årdalsnett har følgjande generelle råd for å betre signalet i heimen din:

  1. kjøp kvalitet. Er du i tvil, spør fagfolk
  2. plasser utstyr hensiktsmessig og rett. Ikkje sett routeren bak TV’en eller i nærleiken av andre produkt som generer forstyrringar
  3. sjekk at produktet følgjer Norsk forskrift og har riktig frekvens. Pass spesielt på bestillingar frå utlandet
  4. forsterkar til Wi Fi-signalet, som AirTies, kan hjelpe

AirTies er to eller tre boksar som ein set opp ulike stader i huset. Slik betrar du opplevinga av den Wi Fi’en du allereie betalar for.

Til toppen