Reklameinnhald
Innhald frå annonsør

Fire gode tips til raskare trådlaust nett heime

Kanskje treng du ein ny og raskare ruter, eller kan den du har vere plassert feil eller dårleg innstilt. Her gjev vi deg ein del tips om korleis få ein betre trådlaus kvardag.

Er du lei av at filmen du ser på hakkar og stoppar opp medan det er som mest spennande? At det tek evigheiter å senda viktige filer frå heimekontoret til jobb når det hastar som mest? Eller at spelet stoppar opp midt i? Kanskje det berre skal nokon små justeringar til.

Ny ruter

Det som kan påverka ytinga til ruteren er fysisk plassering. Dette bør du sjekka før du eventuelt endrar innstillingane i ruteren. Ein trådlaus ruter burde helst plasserast på ein sentral plass i eit rom eller ei leilegheit, helst utan hindringar. Du bør unngå å plassera ruteren i eit hjørne. Vidare bør ruteren ikkje plasserast i umiddelbar nærleik av andre elektroniske einingar, fordi det kan forstyrra radiosignala frå ruteren.

Det kan og vera at det rett og slett er noko gale med ruteren, at du ikkje har den siste oppdateringa, eller at feilen ligg på datamaskina di.

– Ta kontakt med oss så kan vi saman finna ut kva problemet er, og om det er ny ruter du treng, forklarer Kjetil Moen Hunshammer, som jobbar på teknisk avdeling i Årdalsnett.

Med eit par enkle, kjappe grep kan du forbetre opplevelsen av ditt trådlause nettverk heime. Foto: Trine Sirnes.
Med eit par enkle, kjappe grep kan du forbetre opplevelsen av ditt trådlause nettverk heime. Foto: Trine Sirnes.

Reddast med 5 GHz

Å byta kanal vil diverre ikkje alltid hjelpa på stabilitet eller fart. I nokre område er det ganske enkelt for mykje trykk på heile den vanlege 2,4 GHz-frekvensen. Då er det greitt å vita at det òg finst ein alternativ frekvens: 5 GHz. Denne er mindre brukt, og kan gje betre signal.

Kablet nett

Skulle trådlause nettverk no framleis gje deg grå hår, er det eitt tips som aldri slår feil: Kabla nettverk. Fysiske kablar er både det sikraste, raskaste og mest stabile. Dette inneber at du må strekkja nettverksledninger frå ruteren til einingane du har i huset.

– Har du behov for ein kjapp og stabil linje, til dømes til PlayStation eller speling over nett, kan det vera verdt den ekstra jobben, då det er veldig avhengig av stabilitet. For kvar datamaskin på kabla nettverk frigjev du òg “plass” på dei trådlause nettverka ditt, til glede for dei som nyttar smarttelefonar og nettbrett i huset, fortsetter Hunshammer.

Trådlaus forsterker

Har du stort hus, tjukke vegger eller anna som gjer at det vert vanskeleg å få fram signal i heile huset kan ein trådlaus forsterkar vera det du treng.

– Ein god huskeregel er at nyare utstyr har høve til å bruka nyare trådløsteknologi, og at ilag med ein ny ruter, kan det mangedobla farten du får, avsluttar Hunshammer.

Til toppen