Reklameinnhald
I GANG: Arbeidet med å føre fram trekkerøyr for fiber i Farnesvegen er framskunda. (Foto: Synne Asheim Haga) (Bilde: )
Innhald frå annonsør

Framskunding av firberprosjekt grunna asfaltering av Farnesvegen

I slutten av september skal Årdal kommune asfaltere Farnesvegen. Etter dette vil ikkje Årdalsnett få lov å grave der på fleire år.

Framføring av trekkerøyr for fiber blir derfor framskunda i dette området. Arbeidet er allereie i gang: De vil sjå at det er merka i asfalten kvar det skal fresast spor for fiberrøyr og kvar det kjem inn til dykkar tomt. Det vil også bli lagt att kveilar med røyr som skal inn til husveggen din.

Du må finne kvar ditt tilkoblingspunkt er eller blir (sjå merker i asfalten) og grave grøfta fram til husveggen der du vil ha fiberen inn. I firemannsbustadar vil entrepenøren vår grave og legge røyra inn til husveggen.

I fyrste omgang blir det lagt fram trekkerøyr. Sjølve fiberen og installasjonen hjå deg vil komme seinare i haust eller vinter. 

Skjermbilde 2017-09-05 kl 10

Pass på at grøfta blir laga på riktig måte; følg stega under.

Graving av grøft – 30 cm djup, 5 cm brei

Trekkerøyr for fiberkabel blir lagt fram til tomtegrensa. Du må sjølv grave frå tomtegrense til bustad. I einskilde høve kan det vere aktuelt med luftkabel.

  1. Før du byrjar å grave: Avklar med entreprenør eller Årdalsnett kvar grøfta skal gå.
  2. Grav grøfta ca. 30 centimeter djup og fem centimeter brei, frå stikka til inntaket i bustad. Fiberen er ein glastråd dekka med plast, og den er skjør. Unngå derfor skarpe svingar.
  3. Grøfta må ryddast for stein før du legg plastrøyret, som er på 1,5 centimeter i diameter, nedi. Er det mykje stein i botnen og i den massen du grov opp, bør du leggje 5 centimeter sand eller hagesingel under plastrøyret og minimum 10 centimeter over.
  4. Ha i resten av massen du grov opp.
Til toppen