×
Annonse frå Årdalsnett
Heia ÅTIL!
(Foto: Lidvar Berge)
Innhald frå annonsør

Heia ÅTIL!

Kva skal til for at fotballungane skal kunne halde full fart på Cuba? Mellom anna god støtte, og foreldre som trassar grisevær …

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Vi skriv slutten av mai 2019. Snøen har krope langt nedover fjellsidene, dei som har tenkt seg austover med bil må vurdere å skifta tilbake til vinterdekk. Regnbygene står i kø inn Årdalsfjorden, piska innover av hiskne vindkast.

Ein perfekt dag for å krølle seg saman i sofaen, altså. Kanskje sjå opp igjen ein heil sesong av Game of Thrones, og la ungane spele på pad'en heile ettermiddagen.

Men på Årdalstangen stadion, populært kalla Cuba, er det fullt liv denne tysdagsettermiddagen. På den heller forblåsne sletta øvst på Hæreidsida, har 6-8-åringane fotballtrening, gutar født i 2010 spelar kamp mot Hafslo, og om litt skal Årdal FK II i aksjon.

Små spelarar, stor glede

– Skyt!

Adrian (8) treng eigentleg ikkje noko oppmoding. Han har lagt an «slegga» allereie, og fyrer laus.

– Mål!!!

7-8-åringane jublar som om det skulle vore den nært føreståande finalen i Champions League dei spelar. Dei kastar seg om halsen på kvarandre, og målscoraren sjølv tek ein liten æresrunde, tydeleg inspirert nettopp av dei store stjernene.

Og dette er berre trening. Dei tel eigentleg ikkje måla – kven som vinn skal ikkje være det viktigaste for dei heilt små – men mål er mål, for seia det sånn. Den gleda er det sjølvsagt ingen som prøver å leggja ein dempar på.

Kanonskot: Adrian treff godt med høgreslegga. Foto: Lidvar Berge

Mykje ballhenting

Den einaste ulempa for dei minste, er at det blir mykje henting av ballar som forsvinn ut av bana, og dermed avbrot i spelet. Og sjølv om foreldretrenarparet Arild Hatlelid og Svein Ove Jørgensen gjerne vil hjelpe til, får dei sjeldan lov til det. Spelarane sjølv legg uansett ut på springetur for å hente ballane som går ut over sidelina, gjerne fleire i følgje…

– Vi har prøvd å spela med vant, eller sokalla ballbingar, på turneringar. Det er noko heilt anna. Da blir det mykje meir effektiv speletid, og ungane blir meir engasjerte og involverte i spelet, fortel Jørgensen.

Derfor har også fotballgruppa i ÅTIL gått inn for å kjøpe to slike bingar. Men dette er ei stor investering for ein trass alt liten klubb.

Solid støtte

Anne Kauppi er ein av dei som har vore sentral i idrettslaget ÅTIL i ei årrekke. Ho har hatt «dei fleste verv», bortsett frå hovudleiar. For tida er ho leiar av handballgruppa og hovudkasserar i idrettslaget.

– Frivilligheit er sjølvsagt heilt sentralt for eit idrettslag. Vi har engasjerte foreldre som stiller opp for ungane sine, dei bakar og står i kiosken her, seier Kauppi.

Nettopp kiosken på Cuba ser ut til å gå godt denne sure tysdagsettermiddagen. Både kaffi i og kaker er gull for hå halde varmen. Og sjølv i dei suraste regnbygene og heftigaste vindkasta, sit smilet laust mellom dei involverte foreldra.

Men når det kjem til investeringar i den storleiken vi snakkar om til ballbingar, er derimot ikkje kakesal aleine nok.

– Vi hadde ikkje klart oss utan spons. Årdalsnett, Årdal Energi, Sogn Sparebank og Hydro er sentrale bidragsytarar til ÅTIL, fortel Kauppi.

Og akkurat i dag har kasseraren i fotballgruppa, Ulrik Ibsen, som også er på plass på Cuba i «godvêret», gladmeldinga klar:

– Ballbingane er bestilt i dag, stadfestar han.

Glad for støtta: Hovudkasserar Anne Kauppi er imponert over den frivillige innsatsen i ÅTIL, men understrekar at dei også er heilt avhengige av støtta dei får frå lokalt næringsliv. Foto: Lidvar Berge

 

«Handla lokalt»

For Årdalsnett er det viktig å synleggjere at kva deira bidrag resulterer i.

– Det er kjekt å sjå idrettsgleda blant dei unge og den høge aktiviteten ÅTIL held på Tangen. At vi bidreg med midlar som kan brukast til for eksempel ballbingar for dei yngste fotballspelarane, er akkurat slik det skal vera: Då blir det meir moro å byrja med fotball, foreldra engasjerer seg, og frivillheita spirer, slik som vi ser her på Cuba, ser Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett.

Dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren. Og legg merke til bilen: Det er sjølvsagt ein Peugeot kjøpt hos Indre Sogn Bil. «Handla lokalt»! Foto: Lidvar Berge

Det handlar om den gode sirkelen som oppstår når bygdefolket vel å handle tenester lokalt. Når årdøler kjøper Internett og TV-tenester hjå Årdalsnett, bidreg det til ein sunn økonomi for dei, som igjen gjer at dei kan gi noko tilbake til bygda.

Les òg: Hugin: – Me tør meir når me har sponsorar

Allsidigheit

For idrettslaget ÅTIL betyr det at dei kan oppretthalde eit breitt tilbod innan mange idrettsgreiner, heile året. Dei legg opp til ein naturleg veksling mellom sommar- og vinteraktivitetar, slik at spesielt dei minste kan vera med i fleire grupper.

– Vi legg opp til allsidigheit for dei små, med både sesongvariasjon og treningstider som ikkje kolliderer, fortel Svein Ove Jørgensen.

Og sølv om det er lov å la seg inspirere av dei store stjernene på Liverpool, Tottenham, eller Årdal FK for den del, byrjar alltid ei stor karriere i det små:

– Målet vårt i ÅTIL er å lage eit godt tilbod for alle, slik at flest mogleg kan vera med, avsluttar Jørgensen.

Breidde og allsidigheit: Svein Ove Jørgensen er oppteken av at flest mogleg skal kunne få ta del i aktivitetane til ÅTIL. (Foto: Lidvar Berge)
Årdalsnett, ÅTIL, innhaldsmarknadsføring
Smil i stiv kuling: Fotballmammaene Julia Cimanowski (39) og Silje Rivedal (34) stiller opp i kafeen på Cuba, sjølv om været er på den heller sure sida. (Foto: Lidvar Berge)
Utan vant: Det blir mykje ballhenting når dei minste spelar utan ballbinge. (Foto: Lidvar Berge)
Til toppen