×
Annonse frå Årdalsnett
Beste prisane på breiband og TV i Lærdal og Aurland – no også gratis etablering
(Foto: Magnhild Aspevik)
Innhald frå annonsør

Beste prisane på breiband og TV i Lærdal og Aurland – no også gratis etablering

Likar du å spare samtidig som du støttar lokalt? Årdalsnett sine prisar er rimelegare enn alle andre leverandørar i området.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Dersom du kombinerer breiband og TV, kan Årdalsnett tilby den gunstigaste pakkeprisen i området. 

I Aurland tilbyr Årdalsnett førebels kun TV til 429,- per månad (+ CAM/dekodar-leige). Les meir om TV-løysinga nedanfor under «T-We».

I Lærdal tilbyr Årdalsnett Lærdalspakka: Breiband 120 Mbps + Digital-TV til kun 749,- per månad (+ CAM/dekodar-leige).

Prisar kun breiband:

  • 30 Mbps til 389,- per månad
  • 70 Mbps til 439,- per månad
  • 120 Mbps til 529,- per månad

Pris kun TV:

  • 429,- per månad (+ CAM/dekodar-leige)

No kjører me kampanje med gratis etablering for alle produkta innanfor dekningsområdet. Ingen skjulte kostnadar.

Tilsvarande hastigheit som fiber – med betre TV-signar

Årdalsnett har gjennom fleire år bygd ut godt fungerande HFC-nett med leveranse av breiband- og TV-tenester. HFC står for Hybrid Fiber Coax, som betyr at det kombinerer fiber og koaks på ein optimal måte. Fiberen blir lagt fram til sentrale punkt, og det siste stykket inn til bustaden er koakskabel.

HFC kan i dag levere tilsvarande kapasitet som fiber, og det er ein betre teknologi med tanke på TV-signal. 

Med T-We-dekodar frå Telenor, får du tilgang til Norges mest innhaldsrike TV-produkt. 

STOLT SPONSOR: Årdalsnett er stolt hovudsponsor av festivalen Jordeplerock. Faksimile: jordeplerock.no.

 

T-We: kombiner TV og strøyming

Årdalsnett leverer digital-TV med Telenor sin T-We-grunnpakke. TV-pakken er poengbasert: Det vil seie at du får ei basispakke med kanalar, i tillegg til 100 poeng som du bruker på å velja TV- og strøymetenester. Med T-We App får du tilgang til TV og strøyming på Apple TV, mobil og nettbrett. 

Sjå det du vil når du vil, kvar du vil. Oversikt over kanalane og strøymeinnhald finn du her.

Kva treng du for å få inn kanalar?

  • Dekodar eller CAM/kortlesar frå Telenor (Årdalsnett har nokre av dette på lager)
  • TV-abonnent hjå Årdalsnett

T-We dekodar:

  • Inntil 3 samtidige opptak (T-We Boks II med opptakar)
  • Inntil 200 timar lagringskapasitet I HD kvalitet (T-We Boks II med opptakar)
  • Tilgang til innhaldsrike TV-arkiv (boksen krev internettilkopling)
  • Støttar 4K og HDR bildekvalitet
  • Pause og spole i program
  • Starte program frå begynnelsen (boksen krev internettilkopling)
  • Oppladbar fjernkontroll
  • NRK-appane, Netflix og Youtube rett på TV-en (krev internettilkopling, og Netflix krev eige abonnement)
  • Talesøk

CAM/KORTLESAR: Med CAM/Kortlesar har ein ikkje TV-boks, men ein kortlesar rett i TV-en. Det gir deg moglegheit til å sjå digital-TV utan ekstra boks og fjernkontroll. Dersom du ønsker å ha kortlesar rett i TV-en, må du ha ein modell som støttar denne funksjonen.

Produkt Eingongspris Månadsleige
CAM/Kortlesar 490,- 25,-
Dekodar (T-We Boks II) utan opptakar   99,-
Dekodar (T-We Boks II) med opptakar   129,-

 

WiFi premium: optimaliser dekninga

Ønsker du utvida dekningsområdet? Årdalsnett kan tilby WiFi Premium, som er eit smart mesh-nettverk som blir brukt for å optimalisera nettdekninga i heile bustaden din.

Nettverket består av Airties (trådlause aksesspunkt) som blir plassert rundt i bustaden, slik at alle rom får eit komplett dekningsbilete. Ein Airties blir kopla til modemet med ein nettverkskabel, og resten blir sett ut i bustaden der dekninga ikkje er optimal. Desse opptrer med same SSID/nettverksnamn og passord. Du kan bevega deg rundt på bustaden din utan å merka at mobilen eller nettbrettet ditt skiftar tilgangspunkt. Du vil alltid ver kopla til der du får den beste ytinga. 

 

Bestilling – slik går du fram

Besøk heimesida vår, www.ardalsnett.no.

  1. Skriv inn adressa di i «Søk etter adresse»-feltet
  2. Trykk på adressa som dukkar opp for å bekrefte adresse
  3. Du vil no få opp ei liste med abonnement me tilbyr på adressa
  4. Trykk «Bestill» på det abonnementet du ønsker
  5. Etter bestillinga er registrert, vil du bli kontakta av ein montør for avtale av installasjon

Ta gjerne kontakt med Årdalsnett via helpdesk@ardalsnett.no, eller ring 57 66 44 00 dersom du ønsker å få tilsendt eit tilbod eller har spørsmål. 

Til toppen