31. januar inviterte Årdal Utvikling besøksnæringane til oppstartsmøte. Om lag 50 interesserte møtte opp for å drøfte korleis ein kunne bidra til eit felles løft i satsinga på handel, reiseliv og kultur. Stopp på Torget vert eit testprosjekt på kor godt vi klarer å samhandle mot felles mål.
Det konkrete resultatet av drøftingsmøtet vart etablering av tre konkrete prosjekt som skal startast opp i februar:
- Bli kjent med Årdal – skilting, handel/aktivitetar i sentrum, opningstider og samarbeid om arrangement
- Profilering av handel, reiseliv og aktivitetar knytt til Torget i førsteomgang
- Organisering av samarbeidet i besøksnæringa

Dei ulike delprosjekta skal jobbe raskt for å konkretisere mest mogeleg fram til sommarsesongen 2017. Arbeidet dei legg ned, vil så danne grunnlaget for ei meir grundig satsing for heile Årdal fram mot sommarsesongen 2018.
Årdal Utvikling er svært takksame for den positive viljen besøksnæringa syner for å gjere eit felles løft for Årdal. Denne entusiasmen vil heilt sikkert skape positive resultat for kommunen.