×
Annonse frå Eigedomsmekling Sogn og Fjordane
ALLTID NYE UTFORDRINGAR: – Det er mindre forhold her, men meir oversiktleg. Likevel er ingen dagar like, og det er det som er så kjekt.
ALLTID NYE UTFORDRINGAR: – Det er mindre forhold her, men meir oversiktleg. Likevel er ingen dagar like, og det er det som er så kjekt. (Foto: Kristine Slettehaug)
Innhald frå annonsør

Litt psykolog opp i det heile: Møt eigedomsmeklar Olav Skjeldestad

Som eigedomsmeklar kjem du opp i mange ulike situasjonar. For Olav Skjeldestad er det viktig å vere ei god støtte i ein krevjande prosess.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Du merkar fort at Olav har budd ein del år i USA. Rett som det er slår han om til amerikansk, men merkar det ikkje sjølv.

– Gjer eg det, ler sogningen når vi påpeikar språkmiksen.

Han får vere unnskyldt i dag. Olav kjem rett frå to veker ferie i USA, og har tungt jetlag når vi besøker han på Sogndal-kontoret til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Her deler han arbeidsstad med to kollegaer, og sel eigedommar i Indre Sogn.

Men kva var det med USA no igjen?

– Eg gjekk på college i Minneapolis og treivst svært godt der. Etter fire år med business- og økonomistudium, tok eg eit 90-timars kurs for å bli eigedomsmeklar. Long story short: eg vart verande i til saman tolv år før eg flytta heim til Norge.

I USA dreiv han med kjøp og sal av eigedommar. Han kjøpte gamle hus, pussa dei opp og selde dei vidare eller leigde dei ut.

– Slik som dei gjer i dei amerikanske tv-programma?

– He-he. Kanskje ikkje fullt så «glamorous». Eg vart ikkje rik av det, men det var kjekt å halde på med. I tillegg jobba eg som eigedomsmeklar.

 

Min jobb er å syte for at kjøparen får eit trygt og godt kjøp og ein heftefri eigedom. Og at seljar skal få rett og god pris.

Olav Skjeldestad

 

Mykje likt mellom Norge og USA

– Kva er største forskjellen på å jobbe som eigedomsmeklar i Minneapolis og i Sogn?

– I USA er det to meklarar involvert i bustadsal, ein for seljar og ein for kjøpar. Det er dyrare å selje der, for meklaren skal alltid ha 6% provisjon, og det er lukka bodrunde. Du legg inn eit bod, og anten får du aksept på det eller ikkje. Når du byr blindt på den måten, risikerer du at bodet blir voldsamt mykje høgare enn neste mann. I Norge kjem ein ofte nærare marknadsverdien med ein bodrunde.

Når det kjem til stykket, meiner han at mykje er likt.

– Det handlar om folk som er på jakt etter ein god heim som passar behova og ønska deira. Som eigedomsmeklar skal du vere ein rådgjevar som hjelper folk å finne rett kjøpar, anten det er i Luster eller i Minneapolis.

Viktig å vise støtte og forståing

I tillegg meiner han det er viktig å vere ei støtte i det mange opplever som ein krevjande prosess.

– Du er litt psykolog opp i det heile. Det hender at det er konfliktar knytt til eit bustadsal, som tøffe familiesituasjonar, arvingar som hatar kvarandre eller opprivande skilsmisser.

– Du kjem bort i mykje sensitivt, og då meiner eg det er viktig å vise forståing og vere støttande.

Rolla hans ligg i tittelen.

– Eg er ikkje jurist, og eg seier ikkje kva dei skal gjere eller ikkje gjere. Men som mellommann mellom kjøpar og seljar, prøvar eg å mekle og få folk til å bli einige.

Sluttar aldri å late seg overraske

Heldigvis er det flest «happy endings» i meklarbransjen.

– Vi finn alltid ut av det, og stort sett er det mest glede knytt til bustadkjøp. Som når ein kjøpar står med tårer i auga og takkar meg, då er det fint å vere meklar. Eller når førstegongskjøparane kjem på vising med begge foreldra og besteforeldre, ivrige etter å kjøpe sin første bustad. Det er stas!

Etter nokre år på norsk jord, har han funne ut at det er fint å vere meklar i Sogn.

– Det er mindre forhold her, men meir oversiktleg. Likevel er ingen dagar like, og det er det som er så kjekt. Sjølv om eg har god oversikt over lokalmarknaden, sluttar eg aldri å la meg overraske.

– Over kva?

– Hus som viser seg å vere langt vanskelegare å selje enn eg først trudde, eller eigedommar som går langt over takst. Heldigvis er eg ikkje eigedomsspekulant. Det er ikkje jobben min. Min jobb er å syte for at kjøparen får eit trygt og godt kjøp og ein heftefri eigedom. Og at seljar skal få rett og god pris.

6 kjappe med Olav

  1. Kva er ein god eigedomsmeklar: Han står på og har LYST til å lukkast. Han brukar nettverket sitt og syter for god marknadsføring av eigedommen.
  2. Einebustad eller leilegheit: Einebustad. Men eg er open for ei passande leilegheit. Eller, eg likar jo best hus. Vanskeleg den!
  3. Moderne funkis eller klassisk sjarm: Moderne funkis.
  4. Landleg og roleg eller sentralt og praktisk: Ja, takk begge deler.
  5. Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse: Det er fint med hage, men mykje jobb. Eg går for ein stor og fin vedlikehaldsfri hage.
  6. Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt: Ei fin og personleg blanding.

 

Spørmål rundt bustad? Ta kontakt! 

 

Olav Skjeldestad

Eigedomsmeklar MNEF, Sogndal
Til toppen