Reklameinnhald
Jan Åge Rinde og Sandra Mariel Hollevik frå Fagmøbler gjer deg sine tips til korleis ein kan gjere heimen klar til jul.
Jan Åge Rinde og Sandra Mariel Hollevik frå Fagmøbler gjer deg sine tips til korleis ein kan gjere heimen klar til jul. (Bilde: Synne Asheim Haga)
Innhald frå annonsør

Interiørtips: 5 steg til ei stilig jul

Dagane har blitt mørkare, og snøen er ikkje lenger forbeholdt fjelltoppane. Om knappe to veker beveger me oss inn i julemånaden. Jan Åge Rinde og Sandra Mariel Hollevik gjer deg fem tips som sikrar ei stilfull jul i heimen.

1. Pynt med raudt (og hint av svart)

– Det er fint med fargar året rundt, og i jula er det raudt som gjelder, seier Sandra Mariel Hollevik.

Ho påpeikar også at det kjem meir og meir svart inn i interiøret. Slike element vil vere trendy langt ut i nyåret.

– Det er stilig å bryte med andre typar stolar på endane og skape kontrastar. Desse er i velur, som er ganske inn no. Dette gjer eit lunare uttrykk samanlikna med skinn. 

VELUR: Stilige kontraststolar kan gjere uttrykket meir spennande.  
VELUR: Stilige kontraststolar kan gjere uttrykket meir spennande.  Bilde:

 

2. Inkluder møbelpleie i husvasken

Mange nyttar julemånaden til å ta ein skikkeleg husvask. Her kan ein like så godt ta ein runde og pleie møblane i same slengen. Støvsug og rens sofaen og teppet, og impregner skinn og stoff.

Ein tommelfingerregel er å gå over møblane minst to gongar i året. Overflater i tre treng oftare behandling, spesielt i vintermånadene. Varmepumpe og ovnar tørkar ut treverket, og då er det viktig å tilføre fuktigheit. 

– Det kjem også an på bruken; er det eit bord eller ein skjenk? Om vinteren kan ein trygt olje 1-2 gongar i månaden, seier Jan Åge Rinde.

Det er ikkje kva som helst du kan putte på filla. 

– Skal ein ta godt vare på møblane, bør ein bruke middel som er meint for dette. Det er ikkje alle bord som skal vaskast med vanleg såpe. Dette gjeld spesielt tre som ikkje er lakkert. Me har utval innafor alt av pleiemiddel, fortel Jan Åge.

 

MODUL OG KVALITET: Sofaen har formstøypte puter og 10 års garanti. «Om 10 år skal putene sjå akkurat like ut. I tillegg er det modul, som gjer at me kan bygge opp sofaen akkurat slik du ynskjer. Det er også mange val i stoff og fargar. Me hjelper gjerne med planlegginga,» fortel Jan Åge.
MODUL OG KVALITET: Sofaen har formstøypte puter og 10 års garanti. «Om 10 år skal putene sjå akkurat like ut. I tillegg er det modul, som gjer at me kan bygge opp sofaen akkurat slik du ynskjer. Det er også mange val i stoff og fargar. Me hjelper gjerne med planlegginga,» fortel Jan Åge. Bilde:
PRAKTISK HØGDE: *Namn på sofa* har høgare bein samanlikna med førre modell. Dette gjer det lettare å komme til og vaske.
PRAKTISK HØGDE: *Namn på sofa* har høgare bein samanlikna med førre modell. Dette gjer det lettare å komme til og vaske. Bilde:
NORDISK STIL: Eit solid spisebord i heiltre av eik. Bordet kjem i seks forskjellige variantar på behandling, samt kvit- og svartmalt.
NORDISK STIL: Eit solid spisebord i heiltre av eik. Bordet kjem i seks forskjellige variantar på behandling, samt kvit- og svartmalt.

 

3. Naturleg plastjuletre

Plastjuletre er både pent og praktisk. Med desse treng ein ikkje finne fram støvsugaren kvar morgon. Trea hos Fagmøbler kjem med lys og fot. 

– Plastjuletrea har blitt flotte og har ein heilt annan kvalitet i dag. I tillegg til at det ikkje drysser, er det fint for dei mange som slit med allergi og astma, seier Jan Åge.

 

SOLID: Rammeverket til sofaen er av kryssfiner, som er både sterkare og lettare enn spon. «Dersom ein unge hoppar frå armlenet på ein sofa av spon, så er det fort for at det knekker. Denne sofaen skal tåle det,» seier Jan Åge.
SOLID: Rammeverket til sofaen er av kryssfiner, som er både sterkare og lettare enn spon. «Dersom ein unge hoppar frå armlenet på ein sofa av spon, så er det fort for at det knekker. Denne sofaen skal tåle det,» seier Jan Åge.

 

4. Matchande detaljar

Lat nøkkelfargar gå igjen fleire plassar i interiøret. Det er ikkje tilfeldig at treet er pynta med kuler i både raudt og sølv.

– Dette kjem av sølvdetaljane på pynt og møblar elles; på handtaka på stolane, lysestaken og tala på adventslysa. Då er det fint at dette går igjen også på treet, fortel Sandra.

Bilde:

5. Lun stemning med lys og pledd

Når vinden hyler utanfor og mørket sluker ettermiddagen, er det ekstra koselig å sitte i sofaen med ein varm kopp kakao, puter, ullpledd og lys.

– Lys er nøkkelen for å skape ein lun stemning i heimen. Det treng ikkje berre vere levande: både juletrelys, kubbelys i ulike storleikar og lysslynger på bordet, i vindaugskarmen eller rundt gelenderet, bidreg til ein lun atmosfære, seier Sandra. 

Skinn og varme pledd gjer seg bra både i sofaen, på stolar og over benken.

( Synne Asheim HagaBilde: )
(Bilde: Synne Asheim Haga)
(Bilde: Synne Asheim Haga)
(Bilde: Synne Asheim Haga)
Til toppen