×
Annonse frå HMR Hydeq
INNTRYKK: Spesialbygde køyretøy med avansert teknologi. Og dei er utvikla og produsert i Årdal! Det gjorde inntrykk på 8.-klassingane frå Farnes og Tangen skule.
INNTRYKK: Spesialbygde køyretøy med avansert teknologi. Og dei er utvikla og produsert i Årdal! Det gjorde inntrykk på 8.-klassingane frå Farnes og Tangen skule. (Foto: synne Asheim Haga)
Innhald frå annonsør

«Teknologifag i praksis» inspirerer unge teknologar

«Teknologifag i praksis» er valfag på ungdomstrinnet på Farnes og Tangen skule. Og når HMR Hydeq tek imot elevane frå 8. klasse, får dei sjå korleis programmeringa blir brukt i industrien.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Men kan spesialbygde industrikøyretøy vera like spanande som å byggja robotar sjølve?

– Det er faktisk kult å sjå at dei lagar slike bilar her inne, for det har eg aldri visst, seier Eskil (13), elev ved Tangen skule.

Han og klassekameratane, som alle har teknologifaget som valfag, er på vitjing hjå HMR Hydeq. Overraskinga kjem til uttrykk når dei er ute på verkstaden og dagleg leiar i HMR, Tor Arne Litlere, viser fram køyretøya dei produserer – til dømes tappevogner.

– Målet vårt med at de får lov til å komma her no, er at de skal få sjå korleis det de jobbar
med på skulen, kan brukast i praksis. For me brukar jo mange av dei same teknikkane, og tilsvarande sensorar som de jobbar med på skulen, i køyretøya våre, forklarar Litlere.

Satsar på teknologi

Eskil og dei andre 8. klassingane hadde kanskje ikkje så store forhåpningar til å dra på bedriftsbesøk, dei ville truleg heller bruka tida på å byggja og programmera nye robotar sjølve.

Men når dei får innblikk i kva HMR Hydeq faktisk driv med, kjem òg engasjementet:

– Så bra at det blir satsa på teknologi, sjølv på ein liten plass slik som her i Årdal, seier Eskil.

– Det er kjekt at du seier det, for det er viktig for oss å visa til årdalsmiljøet at me faktisk sit på mykje god teknologi og veldig mykje høg kompetanse her. HMR Hydeq tilbyr trygge arbeidsplassar, og me leverer eit utstyr som har svært bra funksjon, og som er veldig langt framme når det gjeld teknologi på den type køyretøy.

– Og det er jo eit spesialkøyretøy. Du kan ikkje kjøpa ein slik lastebil i butikken. Den er bygd heilt spesielt for det bruket den skal ha, svarar Litlere.

OVERFØRBART: – Me har laga litt sensorar; at roboten fyl forskjellige fargar og stoppar når den står nærme ting, fortel Eskil. Tor Arne Litlere, dagleg leiar i HMR Hydeq, meiner dette er viktig: – Å kunna programmera ein styring, slik at eit køyretøy fyl ei linja eller går inntil ein vegg, ryggar, snur og går vidare, er kjempenyttig. Foto: synne Asheim Haga


Teknologien gir ærlege svar

Det siste gjer inntrykk på ungguten. Som dei fleste av oss, er han nok vand med at både køyretøy og andre teknologiprodukt blir produserte i store fabrikkar langt vekke ifrå Årdal.

– Så den er produsert spesielt?, undrar Eskil.

– Ja, den er produsert spesielt for å transportera flytande metall frå elektrolysecella til støyperiet, held Litlere fram.

I tillegg til tappevogner, produserer HMR Hydeq eit heilt utval av spesialkøyretøy til aluminiumsproduksjonen, til dømes grabbvogner, kolskiftarvogner og skorpebrytarar. Sistnemnde er kanskje mest kjent blant dei som arbeider i elektrolysen som «endebankar».

Sjølv om Tor Arne Litlere no er både vaksen og bedriftsleiar, hugsar han godt kvifor teknologi appellerte til han i unge år:

– Det er veldig spanande å få lov til å jobba med noko som er praktisk, for du kan sjå resultatet med ein gong. Det er litt av det eg synast er spanande med teknologi – den er så ærleg. Enten så fungerer det, eller så fungerer det ikkje. Når du har laga noko, så ser du med ein gong om du har lukkast eller ikkje.

 HMR Hydeq
PRAKTISK PROBLEMLØYSING: – Me veit av og til ikkje kva me har gjort feil. Då må me sjå om me skal laga det på nytt eller finna ut kvar feilen ligg hen og fiksa det, forklarar Siver. Foto: Synne Asheim Haga

Utforsking i skuletimane

Akkurat slik er det elevane ved Tangen skule driv utforskinga i teknologifaget òg. Siver og Wilhelm, begge 13 år, arbeider ofte i lag:

– Me hjelper kvarandre. Begge bidreg med idear og spør om me kan gjera det eller kanskje heller det, for eksempel. Slik som her, sant, så kom han (altså Wilhelm, red. anm.) med forslag om at me kunne få roboten til å rygga tilbake. Då hjalp me kvarandre med å gjera det.

Gutane fektar og forklarar korleis dei vil at roboten skal utføra oppgåver. Det kan vera ein kloss han skal løfta opp, køyra langs ei fastlagt rute, og så sleppa den ned igjen, før den køyrer vidare. Robotane er ustyrt med avanserte sensorar, som les både fargar og former.

Ikkje berre sitja og pugga

Ofte er det slik at den eine byggjar, medan den andre programmerer. Til programmeringa brukar dei ein app på eit nettbrett, medan utgangspunktet for sjølve byggverket er Lego Technic-klossar.

SOK: Elevane og undervisarane frå Sogn Opplæringskontor diskuterer tekniske utfordringar med sensorane. Foto: 

For dei som ikkje er heilt inne i Lego-universet (lenger), kan dette best skildrast for svært spesialiserte og tekniske klossar for vidarekomne. Den lærande leiken blir dermed løfta opp på et avansert nivå, som kan leggja grunnlag for nye generasjonar ingeniørar.

Saman med andre industribedrifter i Årdal, har HMR Hydeq bidrege økonomisk for at utstyret kom på plass. Sogn Opplæringskontor (SOK) står for gjennomføringa av faget. 

Her får elevane nemleg utforska teknologi som blir svært aktuell framover. Kanskje vil nettopp nokre av desse 8. klassingane vera med på å utvikla sjølvkøyrande industrikøyretøy når dei blir vaksne?

Siver fortel at eit av høgdepunkta med teknologifaget er at dei «slepp å sitja og pugga heile tida», og at dei stadig får nye oppgåver – gjerne ting som dei aldri har gjort før.

Eskil fortel om ei anna utfordring dei har hatt i skulefaget: First Lego League, ein konkurranse innan programmering.

– Me var med på ein konkurranse der oppgåva var å byggja noko som handlar om verdsrommet.

Til trass for at dei andre laga besto av eldre elevar frå 9.- og 10. klasse, kom begge klassane frå Årdal heilt til kvartfinalen. 

Det er lett å skjønna at å bygga robotar for verdsrommet kan lyde meir spanande enn å dra på bedriftsbesøk til ei verksemd ein ikkje heilt veit kva held på med. Men etter å ha vitja HMR Hydeq, oppsummerer Eskil besøket slik:

– Eg trudde det skulle bli kjedeleg, men det var jo faktisk veldig gøy! 

VIL UTFORSKA VIDARE: Jonas (t.v.) og Eskil jobbar i lag med roboten. – Eg visste at eg ville utforska denne vegen før dette faget, for det er ein venn av meg som er veldig flink til å programmera, og eg ville prøva sjølv. Men faget har gjort at eg har fått endå meir lyst, seier Eskil. (Foto:  Synne Asheim Haga)
BYGGA: Martti og dei andre elevane bygger robotar og programmerer dei til å gjennomføra oppgåver. (Foto: Synne Asheim Haga)
APP: Programmeringa skjer via ein app. (Foto:  Synne Asheim Haga)
SAMARBEID: Det hjelper å diskutera utfordringar og utforska løysingar i lag. F.v.: Anne, Leon, Morten og Vibeke. (Foto: Synne Asheim Haga)
SAMARBEID: Det hjelper å diskutera utfordringar og utforska løysingar i lag. (Foto: Synne Asheim Haga)
TO: Elevane jobbar i grupper på to og to og samarbeidar om å fullføra oppgåvene. F.v.: Alexandra og Sunniva. (Foto: Synne Asheim Haga)
KONSENTRERT: – Me har ein app, og så skal me skyve i hop forskjellige brikker. Det er på ein måte koding. Roboten skal løfta klossen opp, køyra den framover, og so sleppa den ned før den køyrer vidare, fortel Siver. (Foto: Synne Asheim Haga)
KJEKT: – Det kjekkaste er å bygge og sjå korleis det fungerer, seier Wilhelm (t.h.) om faget. (Foto: Synne Asheim Haga)
GODT FAG: – Det er veldig gøy! Det er veldig bra at det vart eit fag, fortel Siver. (Foto: Synne Asheim Haga)
ERFARING: – Eg var veldig vant til å bygge lego då eg var mindre, og det kjem godt med, seier Siver. (Foto: Synne Asheim Haga)
SAMARBEID: Fleire aktørar frå industrien i Årdal har gått i hop om å skaffa utstyret som trengst i faget. (Foto: Synne Asheim Haga )
SAMARBEID: Jens og Trym på Farnes skule jobbar i lag om å løysa oppgåva før klassen har gjennomgang. (Foto: Synne Asheim Haga)
SNART KLAR: Orion og Sander held på med nokre siste endringar på roboten. (Foto: Synne Asheim Haga)
SENSOR: Heine og Joakim har teipa opp ei svart linje som dei programmerar roboten til å følgja. (Foto: Synne Asheim Haga)
GJENNOMGANG: Orion, Terje (delvis skjult bak), Benjamin (gul gensar), Oliver, Trym, Pål Erik (lærar), Vibeke (lærar), Sander og Jens. (Foto:  Synne Asheim Haga)
GJENNOMGANG: Klassen fyl spent med på korleis roboten løyser oppgåva. Frå venstre: Trym, Vibeke, Terje, Sander, Oliver, Pål Erik, Benjamin og Orion (Foto: Synne Asheim Haga)
NYFIKNE: Nye inntrykk førte til nysgjerrige spørsmål frå Jonas og dei andre elevane. (Foto:  Synne Asheim Haga)
RELATERBART: Elevane kan ta med seg mykje kunnskap frå klasserommet om dei vil halda fram med å utforska teknologien inn mot industrien. (Foto: Synne Asheim Haga)
INFO: Etter besøket i verkstaden, fekk elevane meir informasjon om kva HMR Hydeq gjer. (Foto: Synne Asheim Haga)
Til toppen