×
Annonse frå HMR Hydeq
IVRIGE: Mats Askeland Kauppi (t.v.) og Tor Sivert Valaker Nes er ferdige med éi av tre veker hos HMR Hydeq. — Det er fint arbeid, greie folk og kjekt miljø her, seier Nes.
IVRIGE: Mats Askeland Kauppi (t.v.) og Tor Sivert Valaker Nes er ferdige med éi av tre veker hos HMR Hydeq. — Det er fint arbeid, greie folk og kjekt miljø her, seier Nes. (Foto: Synne Asheim Haga)
Innhald frå annonsør

Praksis hos HMR Hydeq: – Får teste fagområda på reelle jobbar

Ein gong i halvåret er yrkeselevane frå Årdal vidaregåande skule på besøk hos ulike bedrifter for å få erfaring. Her er seks av dei hos ei av dei største industribedriftene i regionen. 

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

– Eg har vore borti alt mogleg: kopla, lagt røyr og trekt kablar. Det har òg blitt mykje skruing, fortel Mats Askeland Kauppi (18). 

Han går tredje året på automasjon. Tida hittil har vore på verkstaden for montasje, på eit prosjekt for levetidsforlenging. Eit kjøretøy som høyrer til støyperiet TYA på Hydro, har blitt plukka ned og sett i hop att med nytt utstyr. 

VARIERT: HMR Hydeq driv med både design og produksjon av tappesystem. Desse vekene jobba gutane på verkstaden med montasje og produksjon. Illustrasjon: HMR Hydeq.

– Eg er jo vant til mykje meir koblingar og slikt, og her er det meir mekanisk arbeid. Det har vore litt uvant, men det er spennande og mykje å lære, seier Kauppi. 

Tor Sivert Valaker Nes (17) går andre året på teknikk og industriell produksjon og har vore med på same prosjekt. 

– Eg har jobba på vannramma, bøygd til røyr, bora gjengar og skrudd, seier han.

– Korleis er det å vere her samanlikna med skulen? 

– På vidaregåande har me hatt ein del grunnleggande læring om boring og gjenging. Her får me prøve oss litt meir praktisk, og i litt meir ordentlige jobbar samanlikna med mindre øvingsoppgåver.

 

Harald Wahlquist gjer instruksjonar medan Arve Myrland finn plasseringa på varer. — Dei har sett spor etter seg allereie, seier Wahlquist. — Mellom anna har dei merka opp igjen heile lageret. Det er handfaste oppgåver som me elles måtte ha gjort. Foto: Synne Asheim Haga

 

Godt innblikk i korleis drifta fungerer 

Arve Myrland (17) og Trine Lomheim (18) går begge andre året på sal og service. Den siste veka har dei jobba med drifta.

– Det var veldig vanskeleg i starten, så fekk eg litt tak på det. Det sitt ikkje heilt enno, sjølvsagt, men eg fekk eit godt innblikk, seier Myrland.

Både han og Lomheim begynte på innkjøp. Der fekk dei innføring i ERP-system nytta i det daglege. Vidare har dei òg vore innom lageret. 

– Ideen er å gje ein gjennomgang av bedrifta, flyten. Frå vara kjem inn, kva me gjer på kontoret, til produksjonen tek over, seier Tor Erik Sveen, innkjøpsleiar 

Sjølv om oppgåvene baud på utfordringar, ga det meirsmak. 

– Det er godt arbeidsmiljø, og me blir godt tatt imot. Dette er ein plass eg kunne ha vore lærling i, seier Lomheim. 

 KONTOR: Trine Lomheim jobba mykje med ERP-systemet som HMR Hydeq nyttar i det daglege.  Foto: Synne Asheim Haga

Dannar seg eit bilete av potensielle lærlingar

Elevane er einige om at opplegget er eit godt supplement til skulekvardagen. 

– På skulen har me lært mykje om kundebehandling, litt bruk av PC og tal og slikt, men det blir jo heilt annleis her, kor me faktisk bruker eit system, seire Lomheim.

GODT SAMARBEID: – Me prøver å tilpasse oppgåvene etter kvalifikasjonsnivået til elevane, og å utfordre dei litt. Dette er deiras utstillingsvindu for å vise seg fram for ein eventuell lærekontrakt. Stort sett har me vore godt fornøgde med elevane, og me har eit tett samarbeid med skulen, seier Tor Erik Sveen. Foto: Synne Asheim Haga

– Det blir jo slik som ho sa. På skulen lærer me ikkje korleis ei bedrift fungerer, men det får me sett her, seier Myrland. 

Begge har søkt om å ta læretida si hos her. Får dei plass, kan det føre til fast jobb. 

– Bedrifta satsar jo på litt yngre krefter. På kontoravdelinga har me blitt ein gjeng som har fått høg alder etter kvart. Så det er klart at det vil bli gode moglegheiter for dei som kjem hit på læreplass, seier Sveen. 

Han legg til at utplasseringsprioden også kjem godt med for bedrifta før dei tek imot lærlingar.  

– Det er klart det er viktig å følge med, for då dannar også me oss eit bilete av deira kompetanse, måte å vere på, dette med oppmøte og pausar, og at dei tek litt initiativ sjølv.

TILRETTELAGT: Med knekt arm, har Jakob Hovland (17) fått skreddarsydd eit opplegg på maskinering, slik at han unngår dei mest fysiske oppgåvene. Her jobbar han på ei CNC-maskin, kor han programmerer kommandoen for korleis ein komponent blir produsert. — Me har ei slik maskin på skulen også, men den er mindre og fungerer ikkje. Derfor er det fint å prøve denne. (Foto: Synne Asheim Haga )
SVEISING: Adrian Einemo Kvamsdal (17) brukte første dagen på å utbetre eit rekkverk. — Då slipte me av stolpene og sveiste på nye. Så var eg med på skjærebordet. Det var kraftige greier. (Foto:  Synne Asheim Haga)
GODT GRUNNLAG: Tor Sivert Valaker Nes har mellom anna jobba med boring av gjengar når han har vore på montasjen. — Me har hatt ein del boring og gjenging på vidaregåande, slik at me har grunnleggande kunnskap når me skal ut som lærlingar. Det har vore veldig fint arbeid, så eg kunne godt tenkt meg å vere der ei veke til, seier han. (Foto:  Synne Asheim Haga)
DRIFT: Trine Lomheim har vore på kontoret, kor kvardagen er å drifta HMR Hydeq og understøtta produksjonen med det som trengst. — Det har vore kjempekjekt å vere her. Det er godt arbeidsmiljø, og me blir godt tatt imot. Me trivst her, seier Lomheim.  (Foto: Synne Asheim Haga)
LAGERSTYRING: - Eg har vore litt inne på innkjøp, men for det meste på lageret. Der tok me imot varer, sendte varer, merka opp hyller, seier Arve Myrland. (Foto: Synne Asheim Haga)
Til toppen