Reklameinnhald
Ingen prosjekt er like: — Her får eg brei erfaring innan betongfaget
(Synne Asheim Haga)
Innhald frå annonsør

Ingen prosjekt er like: — Her får eg brei erfaring innan betongfaget

Dominik Linca (20) produserer plattendekker for Kleiven Sogn AS. Går alt etter planen, ser han for seg å vere i bedrifta i mange år framover.

Etter to år på byggeplass i Polen, dukka det opp ei moglegheit i Norge. Kleiven Sogn held til i Årdal og har 30 års erfaring med alt frå grunn- og betongarbeid til ferdige tømmerbygg. 

No har Linca vore hos bedrifta i ein månad. 

— Her er det meir spennande og forskjellige prosjekt. I Polen gjekk det berre i leilegheiter, heile tida. Her er det mellom anna prosjekt på kraftanlegg og dammar, senterbygningar og bruer, seier Linca.

Han fortel vidare at han snart skal vere med på eit basseng-prosjekt i Aurland. 

— Så det er nye oppgåver heile tida. Eg får mykje brei erfaring av å jobbe her, fortel han.

 

KLARE: Etter to dagar med herding, er desse plattendekka klare til å blir sendt vidare til eit prosjekt i Gaupne.
KLARE: Etter to dagar med herding, er desse plattendekka klare til å blir sendt vidare til eit prosjekt i Gaupne.

 

Jobbar mot fagbrev

Eitt av måla er å ta fagbrev i betongfaget. Då må han mellom anna ha stålkontroll på produksjon av «plattendekker», ein jobb som krev fokus på detaljar.

Ein skal forskale kantar, armere dekket og støype i. Vidare blir plattendekka transportert til byggeplassen. Der blir dei montert på ferdige betongveggar eller stålkonstruksjonar. Etter montering, blir det lagt på meir armering og støypt eit nytt lag som dannar det ferdige dekket. 

Grunna tryggleik og kvalitetssikring, er det avgjerande at måla stemmer.

— Er det for tungt eller for tynt, kan det sprekke under transport eller ved løfting. Det er eitt av dei største problema. Det må vere sterkt nok til å kunne tåle den tyngda som kjem oppå, forklarer Linca.

Han er også nøgd med at dei her kan ta seg tida til å gjere eit skikkeleg arbeid.

— I Polen var det meir press på tida, mens her er det roligare. Slik kan ein betre tenke på HMS.

SJEKK: Grunna tryggleik og kvalitet, er det avgjerande at måla stemmer. Her tek Linca ein sjekk saman med Mariusz Borowiec, formann i bedrifta.
SJEKK: Grunna tryggleik og kvalitet, er det avgjerande at måla stemmer. Her tek Linca ein sjekk saman med Mariusz Borowiec, formann i bedrifta.

 

Bruker fritida på elvefiske

Hovudkontoret til Kleiven Sogn er på Årdalstangen i Årdal kommune, som ligg inst i Sognefjorden. Med bratte fjell og fjorden som næraste nabo, er naturmoglegheitene store.

— Eg er glad i å fiske, og her er det veldig godt miljø for det. Elles er folk i Årdal snille og opne, så det har gått greit å bli kjent med folka som bur her. 

Om ting fell på plass, fortel Linca at han kan tenke seg å vere i Årdal i mange år framover. 

— Først vil eg ta fagbrev. Får eg jobb etter det, har eg ikkje planar om å slutte, seier han.

Kleiven Sogn var delaktig i byggingen av Mannsberg Kraftverk i Årdal Kommune, med ansvar for mellom anna betongarbeider kraftstasjon og etablering av 1500 meter grøft for rørgate i delvis fjell og lausmassar.
MASSIVT: Høgskulebygget i Sogndal blei nominert til Årets Bygg i 2012. Beresystemet er bygd opp av stålsøyler og betongelement. Isolerte ytterveggar er oppførde i tre. Som fasadekledning har bygget plater med mørk farge, med fleire store innslag av glasflater.
VOSS: Jordalen 2 Kraftverk ligg i Voss Kommune og sto ferdig i 2017. Kleiven Sogn AS hadde ansvaret for bygging av ny kraftstasjon og bua betongdam med inntakskonstruksjonar.
VOSS: Kraftstasjonen ligg på om lag 420 moh. og dammen er om lag 508 moh. Kraftstasjonen har maskinsal, kontrollrom, høyspentrom, to traforom og utløpskanalar for turbinene.
TURTAGRØ HOTELL: Bygninga spektakulær utsikt over tindane i Hurrungane. Bratte tak, tårn og skråstilte glas speglar forma på fjella omkring. Bygget er oppført i betong, naturstein og bindingsverk.
Til toppen