×
Annonse frå Årdalsnett
Tre om Jordeplerock: Derfor bør du sikre deg festivalpass – no!
Innhald frå annonsør

Tre om Jordeplerock: Derfor bør du sikre deg festivalpass – no!

Statistisk sett burde Jordeplerock vore konkurs for lengst. Slik er det slett ikkje – årets utgåve ligg an til å bli den beste nokon gong. Her fortel tre røynde jordeplerockar, og to av dei som står bak det heile, om kvifor.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

– Eg trur det kjem mykje folk i år, altså!

Ådne Lervik Einemo (27) verkar oppglødd, ei lita veke før festivalen. Vi tek ein prat med han, Camilla Grøttebø (38) og Elisabeth Nesbø (20) om deira forventningar til årets utgåve. Men først må vi kjapt innom bakgrunnen for det som er blitt den store, årlege «happeningen» i Lærdal.

Utgangspunktet for den festivalen vi ser i dag var nemleg ikkje så lystig. 

Året var 2011. Opplysninga 1881 la ned, og fleire avdelingar på sjukehuset blei stengde. Ungdomsrådet stilte spørsmålet: Kva kan vi gjere for å få til noko positivt? Dei klekte ut idear og søkte Bulyst-midlar til Kulturbasert Entrepenørskap. Men vegen vidare var på inga måte spikra av litt startstøtte. 

Jordeplerock var berre eit av delprosjekta, men dei unge eldsjelene synast at nettopp det var ein så god idé, at dei etter endt prosjektperiode oppretta Foreininga Jordeplerock. Dei gjennomførte den første festivalen i 2013. No er vi klare for den sjuande utgåva – med dei største artistane nokon gong på programmet.

Barnebarn og bestemødre

– Vi baserer oss på frivilligheit, og driv ikkje butikk for å sitje igjen med noko sjølv. Blir det overskot, går alt med til å gjere neste års festival endå betre. Og slik er det blitt dei siste åra: No går det godt, årets artistbudsjett er det høgaste nokon gong, og eg tør påstå at den line-up-en vi har i år også er tidenes beste, seier Torgeir Skjerdal. Foto: Jordeplerock.

– I starten var tilnærminga «for, av og med ungdom», men vi ser no at dette har vorte ein festival for alle - og slik skal det vere! Me har halde fast ved at konfirmasjonsalder er nedre aldersgrense, og opplev no at barnebarn og bestemor kan gå saman på festival, fortel Torgeir Skjerdal, pr-ansvarleg for Jordeplerock.

Han var rett nok ikkje med heilt i starten, men frå 2014 har han vore ein av dei faste pilarane i organisasjonen.

Torgeir har mellom anna studert reiseliv ved høgskulen i Sogndal, med nettopp arrangering av festival på pensum. Og læraren var veldig tydeleg på kva statistikken viste om det: «Aldri begynn! Det gir berre minus i rekneskapen …»

– Det var jo litt spesielt å sitje i salen å høyre på det, som den einaste som faktisk hadde erfaring med å arrangere festival. Men me har klart det!, det kan Torgeir no slå fast.

Sponsortårer

I den tidlege fasen såg det derimot ut som lærarspådomen skulle slå til:

– Det var nokre tunge år heilt i starten. Men då det var som mørkast, ringte Odd (Øren, red.anm). Årdalsnett ville gå inn med eit betydeleg beløp, som hovudsponsor. Då felte me nesten ei lita tåre, heile gjengen, minnast Torgeir.

– At Odd og Årdalsnett såg potensialet i oss, har betydd utruleg mykje, ikkje berre økonomisk. Det har gitt oss som står bak, mykje motivasjon og direkte drahjelp med praktiske ting som at dei loddar ut festivalpass til kundane sine, og at dei riggar til Wi-Fi på festivalcampen. Og med Årdalsnett på plass som hovudsponsor, har også andre støttespelarar blitt med.

«Handla lokalt»

– Ja, me var vel med nesten heilt frå starten, seier Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett. – Me var imponert over kva dei unge initiativtakarane hadde fått til på kort tid.

Nå ein no ser utviklinga Jordeplerocken har fått, er ikkje Øren mindre imponert:

– Dette har vore moro! Og me har jo mange kundar i Lærdal. Våre montørar kjenner så godt som kvar ein hage, ja kvar ei busk. Når lærdølene kjøper tenester frå Årdalsnett, gir det oss moglegheit til å gi noko tilbake til lokalsamfunnet.

Slagordet til Årdalsnett – «handla lokalt» – har dermed akkurat same innhald, også på den andre sida av fjellet.

– Eg trur lærdølene er litt stolte av bygda si, og det har dei god grunn til, med det dei har fått til med Jordeplerock, seier Elisabeth Nesbø. (Foto: Jordeplerock)

Svært veldriven festival

Resultat er blitt ein svært veldriven festival, som får skryt for alt frå mat og «line-up» av artistar, til toalettfascilitear og sikkerheit.

– Det er eit godt gjennomført arrangement. Alt frå toalett til tryggleik er skikkeleg bra, og det er dessverre slett ikkje sjølvsagt på festivalar, seier Elisabeth Nesbø.

20-åringen frå Flåm er allereie klar for sin fjerde Jordeplerock.

– Eg ser fram til å treffa mange kjensfolk, og ikkje berre frå Sogn. Jordeplerocken byrjar å bli såpass kjent no, og eg trur det for eksempel dukkar opp ein gjeng frå Hallingdal også.

Basert på tidlegare erfaringar, kjem ho med eit godt tips til alle tilreisande få nabobygdene:

– Det kjem i alle fall mykje folk frå Flåm og Aurland. «Alle» skal på Jordeplerocken. Så det vil vere smart å bestille billett til bussen heim igjen!

Jordeplerock set nemleg opp nattbuss til Sogndal, Årdal, Aurland og Flåm, og opp gjennom Lærdalsdalen. Alle som bestiller billett, er sikra plass.

Ådne Lervik Einemo likar seg ved Lærdalsfjorden: – Det vil være heilt nydeleg å komme inn til festivalen med båt, tenker han. Foto: Lidvar Berge

Stor tru på Kjartan Lauritzen

– Eg har sånn tru på Kjartan Lauritzen, eg, at han kjem til å levere eit alle tiders liveshow. Som liveartist er han absolutt min favoritt, fortel Ådne Lervik Einemo.

27-årignen synast det er ein god idé å plassere dei lokale artistane mellom dei stor nasjonale namna på programmet, og han kjem til å vere tidleg på plass på festivalområdet på laurdag:

– Når Stavangerkameratene dreg i gang «Bare så du vet det», blir det garantert grei kok der inne!

Også Camilla Grøttebø vil vere tidleg ute i år. På fredag startar nemleg festivalen med ingen ringare enn Hellbillies:

– Hellbillies har jo vore her før, så det veit eg blir bra. Dei er utruleg proffe. Men dei startar jo tidleg på kveld, så det er om å gjere og komma seg ut tidleg, ja!

Klar for fest: – Du veit, lærdølene er klare for ein fest når sola kjem tilbake. Etter seks månader utan sol gjennom vinteren, verkar sommaren nesten som å sprette konfetti her i dalen!, seier Camilla Grøttebø. (Foto: Lidvar Berge)

Kjøp billett på nett

Camilla skal sjølvsagt òg få med seg dei lokale heltane på programmet:

– Eg er sikker på at Beinkjør kjem til å levere skikkeleg trøkk, det ser eg fram til.

Stemninga utover kvelden er ho slett ikkje uroa for.

– Staysman & Lazz til slutt blir garantert liv. Julie Bergan i fjor var veldig bra, men dette trur eg vil toppe det også!

Det er derfor mange gode grunnar til å setje av helga til Jordeplerock i Lærdal. Og skal du dit, bør du vere tidleg ute:

– Dei tre siste åra har me opplevd å nå taket på deltakarar under festivalen, og me har difor måtta slutta å selje billettar i døra, av omsyn til tryggleiken. Når sikkerheitsansvarleg seier stopp, må vi respektere det, forklarar Torgeir.

– Difor anbefala me sterkt at alle sikrar seg billett på nett, seier Skjerdal.

Til toppen