×
Annonse frå Nasjonalparkfestivalen
– Me skal på Nasjonalparkfestivalen, kjem du òg, eller?
Innhald frå annonsør

– Me skal på Nasjonalparkfestivalen, kjem du òg, eller?

Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» byr på noko spesielt, for alt frå austlendingar til lokale småungar. Årets utgåve er meir familievennleg enn nokon gong – og så blir det utekonsert med Vamp i Skåri.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Årdal: – Det er no litt stas å ta med austlendingar opp hit. Dei har gjerne vore med på mykje, men noko så eksotisk som ein bluesfestival i Avdalen, har dei som regel aldri opplevd, fortel Morten Øren.

Fast gjest på Fjøsblues: Morten Øren har booka overnatting i Hønsehuset i Avdalen. Foto: Privat.

Han bur og arbeider sjølv austanfor, men akkurat Fjøsbluesen har vore eit fast punkt på programmet for han og fleire av kammeratane, lenge før den blei ein den av Nasjonalparkfestivalen «Under Storen».

– Me er en gjeng som pleier å ta ein årleg rundtur. Me startar på Hafslo, på Bestebakken, er innom Tya bryggeri ein tur, og på laurdagen går turen via Hagaberg og opp i Avdalen.

Øren innrømmer at det alltid er litt spanende med vêret, men at det før om åra «har blitt bra uansett!», så nokre dråpar i yr-varselet er slett inga grunn til å avlyse Fjøsblues-turen.

I år har han òg håp om at det blir endå meir liv i Avdalen på laurdagen, sidan alle dei tre grautturane endar opp der.

Graut og rovfugl

Høve til å lære meir om rovfugl: Sandra Oppheim er mellom dei som skal på foredraget til Geir Høitomt. Foto: Privat.

I år kan Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» skilte med det mest rikhaldige programmet nokon gong. Det heile startar med «Introduksjon til kajakkpadling» fredag 21. juni, i regi av Bulder og Brak. (NB! Her er det påmelding innan torsdag 20. juni kl. 12.)

På fredag blir det også foredrag om rovfuglane i Jotunheimen i Utladalen Naturhus, halde av Geir Høitomt.

Mellom dei som skal på foredraget med Høitomt, er varaordførar Sandra Oppheim:

– Eg gler meg til festivalen og å høyra om rovfuglar i Jotunheimen. Det er ikkje kvart år ein har ei slik moglegheit, så det blir veldig interessant å høyra, seier Sandra.

Laurdag 22. juni blir den store turdagen. Grautturane i Utladalen har lange tradisjonar, og i år blir det gått heile tre forskjellige ruter: Via Åsevatnet, via Botnanosi og via Kyrvasnosi.

Laurdagen blir det òg klatreaktivitetar for store og små på Hagaberg.

Det er midt i blinken for Lasse Opheim Furuborg (6,5) og søstera Frida (snart fire). Dei har nemleg klatrevegg på soverommet heime og gler seg til å få prøva seg utandørs for første gong.

Frida (snart fire) og Lasse (6,5) har klatrevegg på soverommet, og gler seg til å prøve å klatre ut for første gong. Foto: Privat.

Klatring for dei minste

– Me har sett på bilete og film av klatring og rappellering ute. Det ser rått ut, og neste helg har pappa lova at me skal få prøva på ordentleg, fortel Lasse.

Pappa er Rune Furuborg, som ikkje overraskande klatrar litt sjølv.

– Ungane har jo klatra ein del inne, til dømes i Sogndal. Lasse sikrar og rappellerer sjølv, og Frida rappellerer heilt fint i sele når eg sikrar. Men det blir jo noko heilt anna ute, i veggen på Hagaberg. Eg er litt spent på korleis dei tek overgangen, fortel Rune.

På søndag blir det midtsommarfest med Sankthansbål og heilgrilling, og dette er sjølve «Familiedagen» i programmet. Høgdepunktet for mange vil vera intimkonserten med Vamp under åpen himmel i Skåri, men her blir det òg konkurransar, leikar og tvekampar.

Ved Naturhuset blir det mellom anna servert grillmat, og Slingsbystiftinga vil dele ut årets Slingsbypris.

KLATRING: Under festivalen vil det òg vera moglegheiter for å ta seg ein klatretur. Foto: Årdal Klatreklubb

Fotokonkurranse og Vamp

Ikkje minst blir det kåra vinnarar av årets fotokonkurranse, og du kan framleis senda inn bidrag til post@adundas.no. Vinnarbileta blir utstilt i Naturhuset, og hovudpremien er det flotte trykket «Frå Storen» av Leslie Ayres.

VAMP: – Det er noko med plassen den skal vera på no, under open himmel i Skåri, seier Annbjørg Lereng om Vamp-konserten. Foto: Privat.

Annbjørg D. Lereng har allereie sett av denne søndagen til ein tur fram i Skåri. Ho har nemleg følgt rogalandsgruppa Vamp lenge, heilt sidan ho var på ein konsert med dei i Tønsberg for mange år sidan.

Sidan har ho satt pris på den jordnære musikken med gjenkjennelege og gode tekstar. Då det blei kjent at dei skulle komme til Årdal, var ho mellom dei første som bestilte billett.

– Sjølv om eg har høyrd dei «live» mange gonger før, også i intimkonsertar, er det noko med plassen den skal vera på no, under open himmel i Skåri. Det blir spesielt, seier Annbjørg.

Arrangøren legg heller ikkje skjul på at det krev sitt å få eit slikt konsertmaskineri på plass her, sidan den lastebilen Vamp kjem med, ikkje går over brua til Skåri.

– Men det fiksar me. Me finn ei løysing, slår festivalleiar Frank Eldegard fast.

Lereng synast dessutan det er viktig at bygdefolket støttar opp om slike arrangement. Dei blir fleire vener som dreg i lag, og det er verdt å merke seg at det er fri inngang for born under 12 år.

– Og så er det perfekt at det er midt på dagen, kl. 13. Da kan ein jo få med seg ein heil del av det anna som skjer, òg, avsluttar Annbjørg.

Fullstendig festivalprogram og meir informasjon finn du på heimesida til Nasjonalparkfestivalen.

VAMP: Annbjørg D. Lereng set pris på den jordnære musikken med dei gjenkjennelege og gode tekstane frå Vamp. 
STORT PROGRAMI år kan Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» skilte med det mest rikhaldige programmet nokon gong.  
Til toppen