×
Annonse frå Porten.no
– Nyheiter på nett er ikkje framtida
(Illustrasjon: Oddrun Midtbø)
Innhald frå annonsør

– Nyheiter på nett er ikkje framtida

– Nei, den snøen er fallen og smelta mange gonger allereie, seier Synne Asheim Haga, redaktør og dagleg leiar i Porten.no. No ser den ultralokale nyheitskanalen vidare, mot nye moglegheiter i eit nytt tiår.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

Kva hugsar du frå 2004? Dette var eit av dei mange åra Michael Schumacher regjerte i Formel 1, Lance Armstrong tok sin 6. av til saman sju juksesigrar i Tour de France, og prinsesse Ingrid Alexandra blei fødd.

Telefonane var enkle knotteklumpar (den første iPhone blei lansert i 2007), og ei nyheit var knapt ei nyheit før «tanta i Akersgata», Aftenposten, hadde hatt den på  trykk.

2004 var også året då framsyte årdøler starta opp Porten.no, som ein av dei første lokale nettavisene i landet. Den gong var nemleg nyheiter på nett framtida.

No? Like sjølvsagt som internett

No er digital nyheitsformidling like sjølvsagt som den smarttelefonen du kanskje held i handa (65% les Porten.no på mobil). Og sjølve portalen, eller domenet Porten.no, er berre ein del av den digitale pakka vi tilbyr. Det er til dømes godt mogleg at du klikka deg inn på denne saka via Facebook.

– Porten.no leverer gode bilete og bra tekstar. Ikkje minst er innhaldet så lett tilgjengeleg, seier Steinar Drægni. Foto: Synne Asheim Haga

– For meg handlar det om at skal vera lettvint og greitt å halda seg oppdatert, seier Steinar Drægni, senterleiar for Årdalsenteret.

Han har vore fast lesar av Porten.no sidan starten og er innom gjerne fleire gongar for dagen.

Ein ultralokal kanal for nyheiter har også mykje å seia for identiteten i ei bygd, meiner Drægni:

– Det gjer at vi ser og høyrer kvarandre, det betyr meir enn du trur, meiner han.

Dette gjeld spesielt no når Porten.no har ekspandert frå utgangspunktet i Årdal. Vi har medarbeidarar i Lærdal, Sogndal og Luster – og er etablert med ei eiga avdeling i Ytre Sogn.

Ytre Sogn: – Bli med frå starten

Til det nye publikummet i Ytre Sogn har Drægni ei klar oppmoding:

– Kast dykk på og vær aktive, så blir Porten.no også dykkar kanal. Meld inn tips til redaksjonen, og del gjerne bilete frå arrangement, bli med frå start!

Noter deg denne adressa: tips@porten.no.

Treff folk i alle aldrar

Å vera ein ultralokal kanal handlar sjølvsagt om å vera tett på lokalmiljøet, men også å nå ut der ein no treff dei lokale lesarane. Både vaksne, som Drægni, og spesielt unge menneske er på digitale flater mange gongar dagleg.

Redaksjonsmøte: Therese Espeland, Halvor Farsund Storvik og Sunniva Knudsen held redaksjonsmøte, med Vilde Grimelid Oppedal med på Skype. I tillegg til desse, leverer også Linda Watten (Luster), Lasse Hærum (Luster) og Liv Einemo Tønjum (Lærdal/ Australia) stoff til Porten.no Foto: Redaksjonen

– 25 000 unike brukarar kvar veke, og nesten halvparten under 45 år, viser at vi når ut til folk i alle aldrar, og at vi har stor dekningsgrad i regionen, seier Synne Asheim Haga.

Haga fortel at grunnlaget for suksessen er eit effektivt team som jobbar smart saman. Med lokalisering i «kvar sin fjordarm» gjeld det å utnytta eit samspel av alle tilgjengelege ressursar – sjølv om ein av dei for tida studerer i Australia.

Distriktskontor i Australia: Liv Einemo Tønjum studerer i Australia, og skriv saker frå terrassen der medan folk i Noreg søv. Foto: Privat

Dekka tunnelbrann frå Australia

Klokka 03.39 natt til laurdag 30 mars går alarmen: Brann i Gudvangatunellen! Men medan dei fleste norske medier er i sin djupaste helgesøvn, er ein lærdøl på den andre sida av jordkloden vaken.

– Eg la merke pushvarselet på twitter. Då heiv eg meg på telefonen til operasjonssentralen og fekk raskt oversendt tilgjengeleg informasjon, seier Liv Tønjum Einemo (23), den for tida yngste medarbeidaren til Porten.no.

Ho studerer journalistikk «down under», men leverer samstundes saker til Porten.no.

SATSING I YTRE SOGN: Vilde Grimelid Oppedal og Synne Asheim Haga, begge frå Gulen, synest det er stas å kunne levera ultralokale nyheiter, også i heimkommunen. Foto: Brage Grimelid Oppedal

Frå den første twitter-meldinga frå Vegsentralen, gjekk det under ein time før den første saka var publisert. Den blei eit utgangspunkt for andre medier, som da refererte til «melder Porten.no». Så snart dagen grydde, var også Porten.no-journalistane i Sogn tett på denne storhendinga.

– Vi var sjølvsagt heldig med timinga akkurat her, sidan vi hadde Liv i Australia, men dette seier også noko om korleis vi er organisert og arbeider. Det handlar om medarbeidarar som er «på» heilt naturleg, utan at det blir eit mas eller ork, forklarer Haga.

«På» i Ytre Sogn

Etter oppstarten av Porten.no i Ytre Sogn, har også innbyggjarane i Høyanger og Gulen lagt merke til at digital nyheitsformidling gir nye moglegheiter.

Måtte ha abonnement: Porten.no engasjert i det som skjer i Høyanger. Derfor "måtte berre" Bettina Varden ha abonnement. Foto: Privat

– Dei følgjer med på det som skjer. Då vi arrangerte Bli-med-dansen, var Vilde på tråden til meg, tydeleg engasjert og interessert i det vi heldt på med. Då den ble publisert, berre «måtte» eg ha pluss-abonnement, seier Bettina Varden.

Ho har ikkje angra på den investeringa:

– Porten.no er tidleg ute med sakar frå både politikk og næringsliv, og dei verkar å ha fokus på positive nyheter, det set eg pris på, held Varden fram.

Ordførararar les Porten.no

Den nye ordføraren i Årdal, Hilmar Høl, er dagleg lesar og har sjølvsagt lagt merke til nyetableringa i andre enden av fjorden.

– Eg er nysgjerrig på det som skjer, også utover langs fjorden. Eg er jo oppteken av at politikken når ut til folk, og ser at Porten.no er flinke til dette både i Gulen, Høyanger og Sogndal. Eg skulle faktisk ønske at dei var enda tettare på politikken her i Årdal også, seier han.

Tett på Politikken: Ordførarane Hilmar Høl (Årdal) og Petter Sortland (Høyanger) set pris på at Porten.no er tett på politikken. Foto: Arkiv

– Grunnsteinane våre er politikk og næringsliv, og det skal vi byggje vidare på. Vi noterer oss konstruktive innspel frå ordføraren i Årdal, er svaret frå Haga.

Også i Høyanger har den politiske leiinga fått augene opp for digitale lokalnyheiter. Ordførar Petter Sortland kan fortelje at han og leiargruppa har ein bedriftsavtale med ti plussabonnement.

– Porten.no er til stades, og tett på. Det synes eg er positivt, seier Sortland.

884 000 kr i støtte, og samarbeid

Modellen som Porten.no har utvikla for ultralokal, digital nyheitsformidling, har fått 884 000 kroner i støtte frå Medietilsynet til å styrka mediemangfaldet i nye lokalsamfunn.

– Dette viser at fagmiljøet har trua på vår måte å arbeida på. Det er veldig motiverande, seier Haga.

Fylkesleiande på jobbannonser: Kristine Haglund har vore med å utvikla Porten.no til ein sterk kommersiell kanal, som mellom anna er fylkesleiande på jobbannonser. Foto: Synne Asheim Haga

I arbeidet med å styrka mediemangfaldet, trekk Haga fram den tradisjonen Porten.no har for samarbeid med andre aktørar.

– Vi har alltid ei open dør for samarbeid med dei som kan nyheitsformidling. Vi har til dømes samarbeida med VG om lokalval, og gjort spanande saker saman med NRK.

Framtidas nyheitsformidling handlar derfor ikkje om digitalisering, for Porten.no er det i grunn «så 2004».

– God nyheitsformidling i 2020 handlar om å utvikla samarbeid, om å arbeida smart, og å utnytta alle tilgjengelege kanalar best mogleg, meiner Haga.

Og papir er best eigna til opptenning?

– Nei, papir er framleis eit format som kan vera eigna for tidlause saker, er svaret frå Haga.

Ho trekker fram det tradisjonsrike fagtidsskriftet Journalisten som døme. Dei fire siste åra har det vore eit reint nettmagasin, men no gjer dei comeback på papir, med fire magasinutgåver planlagt for 2020.

– Det viktigaste for oss er uansett å nå fram til folk med relevant stoff der dei er, og å vera tett på menneska og dei lokale hendingane. Det er vår klare målsetnad for det nye tiåret, avsluttar Haga.

Produsert for Porten.no av Lidvar Berge.

 

Test Porten+        
gratis i ein månad!        
  

 
Til toppen