×
Annonse frå Siva Årdal Næringssenter
– Me søker folk som vil noko!
Innhald frå annonsør

– Me søker folk som vil noko!

Det seier Robin Utseth Bjørnholm i Siva. Og når Siva Årdal Næringssenter er klar til offisiell opning i månadsskiftet september/oktober, er den første som vil noko allereie på plass: Willy Jensen, og Årdal Blikkenslagerservice AS. Vil du også noko, eller kjenner du ein gründer? Da er det berre å ringe Robin!

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

– Her får me alt skreddarsydd etter våre behov, slår Willy Jensen fast. Det blir den største fordelen for Årdal Blikkenslagerservice AS når dei er ferdig innflytta i Siva Årdal Næringssenter.

Snart klar: Willy Jensen (til høgre) organiserer dei siste tinga som skal være på plass før Årdal Blikkenslagerservice AS har flytta, fullt og heilt. Foto: Lidvar Berge

– Me får alt under eitt tak, med lagerplass både ute og inne, legg han til. Det vil i praksis utgjere ein stor fordel mot tidlegare, då lageret deira låg framme i Utladalen.

Produksjonen går: Mykje av ustyret til Årdal Blikkenslagerservice AS er på plass, og ikkje minst så går produksjonen ute på anlegga for fullt under flytteprosessen til Siva Årdal Nærinssenter. Foto: Lidvar Berge

Årdal Blikkenslagerservice AS har halde full produksjon under heile flytteprosessen, og no byrjar dei nye lokala i Siva Årdal Næringssenter å ta form:

 – Den rommelege og gode verkstaden, med lager vegg i vegg, vil det gjere oss meir effektive – det er det viktigaste for vår del med denne flyttinga, understrekar Willy.

Nye generasjon

Neste generasjon Jensen er har allereie kontorplass i dei nye lokala. Dennis Bruflat Jensen vil truleg, på eit tidspunkt som passar både han og verksemda, ta over som dagleg leiar. No er han mest oppteken av å halde hjula i gang.

«Kontorplassen»: Dennis har allereie kontorplass i Siva Årdal Næringssenter, men er også ein kar som er med «på golvet». Foto: Lidvar Berge

– Me er 17 tilsette. Og det å halde 17 mann i arbeid, krev mykje, det er eg oppvaksen med. Me er avhengige av både lojale kundar og dyktige medarbeidarar. Det som verkeleg motiverer meg til å leggje ned denne innsatsen er nettopp det å kunne gi sikkert arbeid til alle dei tilsette, seier Dennis.

Dette gjer Årdal Blikkenslagerservice AS til ein av dei store aktørane i sin bransje, med kundar og oppdrag frå Lofoten til Stavanger. Spørsmålet er sjølvsagt kvifor eit firma frå inst inne i Sognefjorden blir brukt så langt unna?

– Det handlar først og fremst om tillit i marknaden. Vi har ikkje brukt ei krone på marknadsføring. Men me møter jo mykje kjekke folk ute på jobb, og da går no praten. Det er gjerne slik førespurnadane kjem, fortel Willy.

Nye moglegheiter

Store moglegheiter: Her kan du få til det meste – det er berre dele opp og innreie etter behov! Foto: Lidvar Berge

Når Siva Årdal Næringssenter opnar i haust, er det med store og fleksible lokale som kan tilpassast dei fleste behov. Målet er å leggje til rette både for eksisterande verksemder som treng betre lokale, og nyskapning. Og med Willy og Dennis Jensen i spissen, er det første nye initiativet allereie i gang:

Nye arbeidsplassar: Norsk Industrisaum AS er installert i Siva Årdal Næringspark, og vil kunne gi nye kvinnearbeidsplassar i bygda.

– Me har starta Norsk Industrisøm AS, med lokale her i Siva Årdal Næringssenter. Per i dag har me to tilsett på deltid, men det kan endre seg raskt med større kontraktar – då må me utvide lokala, seier Dennis Jensen.

Både han og Willy er hemmelegheitsfulle om kva for kontrakt(ar?) det er snakk om, men indikerer at dette kan kunne gi mange nye arbeidsplassar for folk som likar å sy – tradisjonelt kvinner. Og nye kvinnearbeidsplassar, det er verkeleg noko Årdal treng.

Vil du noko? Ring Robin

Siva ynskjer å legge til rette for næringsutvikling i heile regionen, og bygget på Årdalstangen er eit godt utgangspunkt for nettopp dette.

Ring Robin: Robin Utseth Bjørnholm, Rådgiver Eiendom i Siva SF, ynskjer å legge til rette for vekst og nyskaping – det er berre å ringe! Foto: Siva

– Vi er åpne for alt. Her kan vi teikne inn og tilpasse lokala til dei fleste former for næringsdrift, både eksisterande og nye. Vi ynskjer nemleg også å vere ein arena der folk kan prøve ut nye konsept,  seier Robin, ansvarleg for dagleg drift og vidareutvikling av SIVA Årdal Næringssenter.

Eller som Willy Jensen seier det:

– Det er berre å ringe Robin, så har du kontor her i morgon!

Til toppen