×
Annonse frå Sogn Skisenter
Med trygge omgjevander kan sjølv dei heilt minste kose seg i Sogn Skisenter.
Med trygge omgjevander kan sjølv dei heilt minste kose seg i Sogn Skisenter. (Foto: Vegard Byrkjeland Aase)
Innhald frå annonsør

Frå familiekos til ein himmel for frikøyrarar

Sogn Skisenter Heggmyrane er ukjend for mange, men skisenteret som ligg langs Nasjonal Turistveg Sognefjellet, rett overfor skibygda Hafslo, har kanskje Norges beste frikøyring frå heis. I tillegg er det store, trygge områder både nedover og bortover for heile skifamilien.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

– Ja, me har kanskje ikkje vore så flinke på å fortelje kva me faktisk har her i skisenteret, men dei som veit, kjem tilbake igjen og igjen. Me kosar oss litt med å sjå at folk frå Hemsedal gjerne tek turen til oss så fort det ryktast at me har snø, sier driftssjef Runar Tørvi. 

– Me håpar jo at fleire får auge på oss, for er det noke me har, så er det god skikøyring og høg kosefaktor!

I Sogn Skisenter er det låg terskel for mykje moro, både i og utanfor bakken.

Alltid kjekt å teste føret utanfor preppa bakke. Foto: Bård Basberg

Godt miljø å leike seg i

– Eg tykkjer det som er mest gøy er at dei minste som begynner i barnetrekket, har så mange flinke og trivelige folk å sjå opp til. Slik som skisenteret ligg i terrenget, er det også lett å gå frå preppa bakke til laussnøkøyring, men på eigne premissar for dei små, seier Ole Henrik Nitter Walaker, far til ein ivrig skikøyrarar og flittig brukar av skisenteret.

Knut-Henrik Lajord er ein av dei som gjer dei verkeleg store triksa, og han er medlem av skisenteret sin heilt eigne dedikerte gjeng som kallar seg «Heggis Gønnecrew».

– Det er så gøy å sjå dei små suse rundt i bakken, for det er ingen tvil om at når dei kjem dit vi er no, så er dei mykje betre på ski enn det vi nokon gong har vore. For meg var det heilt avgjerande å ha nokon å sjå opp til for å sjå kva som faktisk var og er mogleg.

Heggis Gønnecrew viser korleis det KAN gjerast. Foto: Vegard Byrkjeland Aase


Magisk kveldskøyring

To kveldar i veka skjer det noko heilt magisk på Heggmyrane. Når klokka nærmar seg 18 ser ein stadig fleire billys snike seg oppover langs vegen mot skisenteret. Når lysa i bakken blir skrudd på, går startsignalet for eit lysshow utan sidestykke. 

– Det er verkeleg stilig når folk køyrer med hovudlykt. Ein kan stå i botnen og sjå stjerner som beveger seg saman nedover i skogen, og det kribler litt ekstra i føtene, for der oppe har jo eg også køyrt og veit kva folk har i vente. Kveldskøyringa har liksom si eige magiske atmosfære rundt seg, sier Ole Henrik. 

– Når skisenteret slår på lyset på kvelden, så ser ein det lang veg, og det har verkeleg blitt eit gledens signal på sesongstart. 

Kveldskøyringa er heilt spesiell i Sogn Skisenter Heggmyrane. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen

Takkar for innsatsen 

Nettopp det at lysa går på er ikkje ei sjølvfølge. 

– Eg trur mange ikkje heilt veit kva som ligg bak av arbeidsinnsats når lysa kjem på. Mange, mange timar med både driftsarbeid og frivilleg innsats, men så trur eg òg det bidreg til at folk trivst og kjenner seg heime i skisenteret, og det vil me veldig gjerne at dei gjer, seier Runar. 

Hjå Sogn Skisenter kan du faktisk køyre urørt pudder med utsikt til Jotunheimen Nasjonalpark og fjord. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen

– Eg tenkjer ofte på det når eg sit i trakkemaskina klokka fem om morgonen med kaffi på termosen eller når dei fleste ligg og søv: eg sender ein takk til alle dei som hjelper til, og tenker at no skal eg gjera mitt for at alle som kjem på ski, verkeleg skal kose seg!

Det er alltid noko å strekke seg etter for små frikøyrarar (Foto: Bård Basberg)
Arenaen for skileik vert stadig utvikla kvar sesong. (Foto: Vegard Byrkjeland Aase)
Heggis Gønnecrew viser korleis det KAN gjerast. (Foto: Vegard Byrkjeland Aase)
Hjå Sogn Skisenter kan du faktisk køyre urørt pudder med utsikt til Jotunheimen Nasjonalpark og fjord. (Foto: Vegard Byrkjeland Aasen)
Alltid kjekt å teste føret utanfor preppa bakke. (Foto: Bård Basberg)
Med trygge omgjevander kan sjølv dei heilt minste kose seg i Sogn Skisenter. (Foto: Vegard Byrkjeland Aase)
Kveldskøyringa er heilt spesiell i Sogn Skisenter Heggmyrane. (Foto: Vegard Byrkjeland Aasen)
Til toppen