×
Annonse frå Årdalsnett
DIGITAL UTVIKLING: Endringa er eit resultat av utvikling innan TV-teknologi, seier Kristian Heggestad.
DIGITAL UTVIKLING: Endringa er eit resultat av utvikling innan TV-teknologi, seier Kristian Heggestad. (Bilde: (Foto: Synne Asheim Haga))
Innhald frå annonsør

No må du bytte til digitalt TV-signal — slik gjer du det

I løpet av hausten vil dei analoge kanalane forsvinne. Kundar det gjeld må skaffe seg ein dekoder for å få inn TV-signal.

  • Dette er ei annonse. Journalistane i Porten.no er ikkje involvert i produksjonen.

I dag blir det sendt ut både analoge og digitale TV-signal i kabel-TV-nettet frå Årdalsnett.
I løpet av hausten, kanskje allereie innan september, vil dei analoge kanalane forsvinne. Deretter treng alle TV-kundar dekoder, ein boks som opnar opp for digitale TV-signal.

— Endringa er eit resultat av utvikling innan TV-teknologi: Både dei som produserer TV-program og dei som leverer TV-pakker, sluttar å produsere dei analoge signala. Årdalsnett må henge med for å kunne levere, fortel teknisk ansvarleg, Kristian Heggestad.

I tillegg gjer nye tenester på kabel-TV at Årdalsnett treng meir plass i sitt frekvensområde. Ein analog TV-kanal tek like mykje plass som 5-8 digitale kanalar. 

Betre kvalitet

Kvalitet og fleire valmoglegheiter har gjort at dei fleste allereie har dekoder. Bilete og lyd blir betre, og du får fleire kanalar. I tillegg er nye, store flatskjermar primært laga for å ta inn digitale signal. På desse blir dei analoge kanalane dårlege.

Kundar i Årdalsnett kan kjøpe dekoder frå Canal Digital frå kr. 490,- til kr. 1.990,- (eingangskostnad), avhengig av kva type du vel. Vidare kjem månadspris på kr. 25,- i kortleige til Canal Digital.

 
 

I tillegg vil du også få tilgang til nye TV-tenester som Canal Digital leverer, dei sokalla T-We tenestene. Nokre av desse er (avheng av kva dekoder du velger):

 

Bestilling av dekoder

Dekoderane kan bestillast direkte frå Canal Digital. Ring 06090 og sei at du er ny digital kunde i Årdalsnett, så får du prisane nemnt over. Eventuelt kan du kontakte Årdalsnett direkte for hjelp med bestillinga: 57 66 44 00.

Til toppen