
Vipps så er det gjort - no vert det enklare å bli abonnent på Porten
Porten kan no tilby lesarane ein meir effektiv og lettvint løysing for å abonnere på nettavisa.
– No kan du endeleg velje vipps som betalingsmetode, fortel dagleg leiar Kristine Haglund.
Frå og med i dag kan brukarane velje Vipps som betalingsmetode for å binde seg med abonnement i Porten.
Enkelt og effektivt
Dette er ei løysing som kjem mellom anna som eit resultat av tilbakemeldingar frå lesarane våre, og at enkelte av dei som ønskjer å lese Porten har hatt utfordringar med den til no einaste betalingsmetoden.
– Nokre tykkjer det har vore litt kronglete, og enkelte har slite med å opprette abonnement. Spesielt har det vore ei utfordring for enkelte som har hatt bankkort som er utgått. No vert det mykje enklare.
– Dette vil også spare brukarane våre samt dei potensielle brukarane, for ein del tid når dei skal betale for eller opprette abonnement.
– Kor vanskeleg er det å få dette til?
– Det er ikkje vanskeleg i det heile tatt. Etter å ha oppretta brukar er det berre å leggje inn vipps som betalingsmetode, leggje til telefonnummer og godkjenne abonnent. Ikkje verre enn det!