SLØKKING: Det går føre seg brannsløkking i Lærdal.
SLØKKING: Det går føre seg brannsløkking i Lærdal.

Brann i Lærdal: Tre bygningar totalskadde

Tre bygg skal ha vorte råka av brannen. Alarmsentralen trur «dei fleste» bygga vil gå tapt.

Publisert Sist oppdatert

Fungerande vaktkommandør ved Alarmsentralen 110 Vest i Bergen, Morten Frantzen, fortel at dei vart varsla om brann i Lærdal omkring klokka 13:35 laurdag ettermiddag. Rundt klokka 15:13, verker mannskapene å ha fått kontroll på brannen, opplyser dei til Porten.

Tre bygg er rørt av brannen. Ifølgje vaktkommandøren, ser sjansane dårlege ut for at ein vil greie å redde bygga.

– På videostraumen me har fått, ser me totalskade på bygga. Det ser ut til at dei fleste bygga her blir tapt, seier Frantzen til Porten.

STORE SKADAR: Bygga er totalskadde av brannen.
STORE SKADAR: Bygga er totalskadde av brannen.

Totalt sett vil tre fulle stasjonar vere på plass for å drive sløkking av brannane når hjelpemannskapa frå Årdal er kome på plass. Dei gir støtte til mannskap frå Lærdal og Aurland.

– Totalt tre bygg er råka, og sløkking går føre seg for fullt, seier Frantzen.

Klokka 14:43 skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at E16 ved Tønjum vert venta å vere stengt over ein lengre periode, og at det vert omkøyring via fylkesveg 53, Tyin–Årdal.

Store flammar

Klokka 14:08 skriv alarmsentralen 110 Vest at brannvesenet er kome fram til staden der det brenn i Lærdal, og at sløkkingsarbeid er i gang.

Det brenn i fleire bygg, og brannmannskap frå Årdal er på veg for å hjelpe til i Lærdal.

MYKJE RØYK: Røyken er stor frå brannen i Lærdal.
MYKJE RØYK: Røyken er stor frå brannen i Lærdal.

Klokka 14:04 melder Vest politidistrikt at trafikken på E16 vil bli stengd som følgje av brannen i Lærdal.

Brannen i Lærdal har fått merksemd i nasjonale medium. Til VG seier Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt:

– Ingen er meldt skada, men nokon har fått i seg litt røyk. Me har ein del bønder som deltek i slukningsarbeidet, seier.

BRANN I FLEIRE BYGG: Alarmsentralen 110 Vest i Bergen trur dei fleste bygga som er råka av brannen i Lærdal vil gå tapt.
BRANN I FLEIRE BYGG: Alarmsentralen 110 Vest i Bergen trur dei fleste bygga som er råka av brannen i Lærdal vil gå tapt.

Ikkje meldt om personskade

Klokka 13:40 melder 110 Vest at det brenn i ein låve i Lærdal. Det skal vere store flammar på staden.

Klokka 13:42 melder politiet på Twitter at det er full fyr i eit låvebygg. Det skal ikkje vere dyr inne i bygget, det er heller ikkje meldt om personskade.

På staden skal det vere mykje vind og store flammar. Brannvesen er på veg til staden med store ressursar.

Powered by Labrador CMS