Politiet er på veg til Hydro i Øvre Årdal etter melding om brann under smelteomn. Det melder Vest politidistrikt klokka 13:30.
Ingen personar skal vera skadd, og alle er evakuerte.
Operasjonsleiar Stine Mjelde seier til Porten at brannvesenet og politiet er på staden. Ho kan ikkje seie noko om skadeomfanget enda.
Foto: Tobias Lucey
– Me har ikkje fått melding frå brannvesenet om kontroll enda, og me har ikkje fått indikasjonar på kor mykje som er brent.
Brannen skal ha oppstått i enden av Tya.
Kontroll på staden
Ein knapp time etter fyrste melding om brann skal brannvesenet no ha fått kontroll på brannen, det fortel Stian Kvam vaktkommandør hjå 110 Vest.
– Me har fått kontroll på staden. Me veit enno ikkje årsaka til brannen eller kva som har skjedd der inne, men no har me i alle fall fått kontroll på det.
Brannvesenet har vore inne med røykdykkarlag og fleire lokale ressursar har vore på staden.
– Dei gjer seg no ferdige på staden, seier Kvam.
– Stor røykutvikling
Are Indrelid, kommunikasjonsansvarleg ved Hydro i Årdal, seier at brannen oppstod under vedlikehaldsarbeid på støypesenteret Tya. Dei er ikkje kjend med årsaka til brannen per no.
– Det har vore stor røykutvikling, men det har ikkje vore personskade. Røykdykkarar er inne for å passe på at det ikkje blussar opp att.
Alle som var inne i bygget då brannen starta vart rutinemessig evakuert. Det er materielle skader, men akkurat omfanget er ukjend.
– Når kontrollen er ferdig så byrjar me med å sjekke ut skadeomfanget, og kva som må til for å få produksjonen oppe og gå igjen på akkurat det støyperiet.
– Korleis vil det påverke drifta?
– Det veit me ikkje akkurat no, men me har ikkje nokon indikasjon på at drifta vil verte påverka så mykje. Me må få gå gjennom nøye fyrst.