LEIKANGER: Brann i bårehus.
Lidvar Berge/Arkiv
Brann i bårehus: – Trasigt, det var eit gamalt freda bygg frå 1700-talet
Det vart meldt om brann i eit bårehus ved Leikanger kyrkje.
Klokka 06:35 meldte 110 Vest om ein brann i eit bårehus ved Leikanger kyrkje. Brannvesen var på staden og jobba med sløkking, og med å forhindre vidare spreiing av brannen. Det var ikkje meldt om spreiingsfare til kyrkja, ifølgje Vest politidistrikt.
Brannen vart sløkt klokka 06:50, og det vert jobba vidare med ettersløkking.
– Det ringte inn ein nabo som varsla om brannen klokka 06:20, som sa det brann i bårehuset ved Leikanger Kyrkje. Første eining var på plass klokka 06:26, fortel Jostein Steinsland-Haugen på Alarmsentralen.
Brannvesen starta med sløkking av brannen, og beskytting av to andre hus som sto tett med bårehuset.
– Huset brann heilt ned. Og dei to andre bygningane er uskadde. No blir staden rydja, og brannruinane har blitt skumlagd, avsluttar Steinsland-Hauge.
I følgje Tom Johannessen i Vest politidistrikt er det foreløpig ingen teori om kva som er årsaka til brannen.
– Dette er var jo veldig trasigt, huset var eit freda gamalt bygg frå 1700-talet.
Område er avsperra inntil vidare. Politiet har tatt over saken for vidare undersøkelsar.
– Me kjem til å gjer nokon undersøkingar så fort området er heilt avkjøl, avsluttar Johannessen.