Brann - Sogndal:

Sogndal hamna under før pause i Bergen - så slo Flo sine innbyttarar tilbake

Sogndal spelte uavgjort mot Brann laurdag kveld.

Publisert Sist oppdatert
  • Brann - Sogndal 2-1 (1-0)

Vegard Leikvoll Moberg sendte Brann i leiinga mot slutten av annan omgang. Så slo Sogndal tilbake, anført av dei to innbyttarane Peter Godly Michael og målscorar Jonathan Ingi Jonsson.

Dermed fekk begge laga kvart sitt poeng i toppkampen på Brann Stadion.

Dei to laga går opp på høvesvis 2.- og 3.plass, med Sogndal under Brann med dårlegare målforskjell. Dei andre laga har ikkje spelt sine kampar i runde fire endå.

90.speleminutt: Kampen er over. Det ender 1-1 i Bergen.

90.speleminutt: Sogndal tek ein kort corner på tampen. Den resulterer i eit nytt hjørnespark. Kan gjestane score no?

90.speleminutt: Minimum tre minutter vert lagt til.

88.speleminutt: Innlegget vert heada ut av farleg område. Brann prøver å kontra, men det vert innkast i staden.

87.speleminutt: Peter Godly Michael prøver seg. Skotet går i muren og ut til hjørnespark.

87.speleminutt: Ørjasæter vert felt rett så å seie på sekstenmeteren. Det blir frispark i særs god posisjon, og gult kort til Sven Crone.

85.speleminutt: Brann er verkeleg ikkje nøgde med eit eventuelt uavgjort-resultat her. Dei preser på med alt die har. Horn Myghre får skutt, men Fji reddar.

83.speleminutt: Innleggget vert stanga unna i fyrste omgang, men Brann erobrar ballen att. Til slutt får Sogndal klarert, og det blir eit innkast.

82.speleminutt: Skaanes går i bakken og får frispark inne på Sogndal sin halvdel. Både publikum og spelarane fyrar seg opp etter situasjona.

79.speleminutt: MÅL FOR SOGNDAL! Det er innbytar Jonathan Jonsson og Peter Godly Michael som finn kvarandre. Michael med ein god pasning til Jonsson, som set den kaldt i nettet bak Dyngeland.

77.speleminutt: Sogndal får ha ballen ei god stund inne på Brann sin banehalvdel, utan å greie å skape noko særleg. Til slutt får Brann ballen igjen, utan at dei heller stupar i angrep.

75.speleminutt: Hördur Gunnarsson går ut for Sogndal. Inn kjem Jonathan Ingi Jonsson. Brann har og byta ut målscorar Moberg, til fordel for Felix Horn Myhre.

73.speleminutt: Moberg prøver å tre Niklas Castro gjennom med ein heading. Tanken er særs god, men pasninga med hovudet er litt for upresis. Så vert Castro bytta ut.

72.speleminutt: Eit hjørnespark blir boksa under av Fji, men ballen kjem kjapt tilbake igjen. Så kontrar Sogndal. Skotet frå Peter Godly Michael, som vart bytta inn for Kristoffer Hoven då Brann fekk ein mann utvist, vert blokkert, og går inn til keeper i ein roleg bue.

71.speleminutt: Det er altså den andre kampen på rad at Sogndal får spele mot ti mann, etter at Bryne-spelar Pål Aamodt vart utvist på Fosshaugane denne måndagen.

69.speleminutt: Raudt kort til Mathias Rasmussen! Rasmussen går inn i ei takling. Fyrst verker det som om dommaren ikkje har tenkt å blåse, men så blir Brann sin midtbanespelar utvist, etter å ha fått eit gult kort tidlegare i kampen.

68.speleminutt: Ny Brann-corner. Ballen går ufarleg over Renze Fji sitt mål.

67.speleminutt: Dei får ikkje til mykje offensivt no, Sogndal. Slit med å kome seg ut av eigen boks.

64.speleminutt: Så er Moberg nær ved å score for Brann igjen. Skotet går langs bakken, men til side for mål.

62.speleminutt: Kristoffer Nessø driv framover med ballen i beina når Sogndal kontrer. Spissen fraktar ballen langt, og skyt til slutt sjølv. Skotet går over mål.

61.speleminutt: No skjer det mykje her. Brann får endå ein corner etter ei god moglegheit. Dei bit seg fast inne på Sogndal sin banehalvdel.

59.speleminutt: Eit innlegg vert piska i retning mål frå Per-Egil Flo si venstreside. Det rappe innlegget går heile vegen inn til keeper.

57. speleminutt: Etter corneren hamnar ballen ute hos Ingimundarson i returrommet, etter å først ha vore innom van der Spa. Ingimundarson fyrer til, men skotet går over mål.

56. speleminutt: Kristoffer Hoven vert riven i, men held seg på beina. Skaffar til slutt ein ny corner for Sogndal. God innsats frå spissen.

55.speleminutt: Sogndal får hjørnespark. Det vert tatt kort, og det heile ender bare opp med eit innkast etter eit innleggsforsøk. Godt blokkert av Niklas Castro.

51.speleminutt: Ein Brann-spelar kjem fyrst på innlegget, men ballen går over mål.

50. speleminutt: Sogndal-fansen skyt konfetti ut på bana når hjørnesparket skal tas. Det vert eit kort stopp i spelet fordi konfettien må ryddast vekk. «For ein gjeng med bøndar» er beskjeden frå Brann-fansen.

49.speleminutt: Frederik Børsting kjem seg heilt ned til dødlinja. Gunnarsson sklir inn og lager eit hjørnespark.

46.speleminutt: Annan omgang er i gang på Brann stadion!

PAUSE.

45.speleminutt: Cornaren frå Nessø blir heada ut, men Sogndal får ikkje endå eit hjørnespark før dommaren bles for pause.

45.speleminutt: Sondre Ørjasæter visar prov på god nærteknikk. Tråklar seg gjennom i feltet og skaffar hjørnespark.

44.speleminutt: Fji går i bakken etter ein tøff duell med Aune Heggebø. Får ikkje fris+aroø

43.speleminutt: Målscorar Vegard Leikvoll Moberg klinkar til! Skotet går i tverrliggjaren og ut.

41.speleminutt: Nessø går i bakken og får frispark. Sogndal tek det kort. Ingimundarson held på å miste ballen for Sogndal, men dei vinn den tilbake, og startar med å byggje opp spelet bakfrå.

FRISPARK: Dette Sogndal-frisparket førte ikkje til scoring, sjølv om det kom i ein god posisjon.
FRISPARK: Dette Sogndal-frisparket førte ikkje til scoring, sjølv om det kom i ein god posisjon.

40.speleminutt: Andreas Hoven prøver å skru frisparket, men ballen går eit godt stykke over mål.

39.speleminutt: Ulrik Mathisen skaffar Sogndal eit frispark like utanfor sekstenmeteren, rett etter Brann si scoring. Mathias Rasmussen får gult kort.

37.speleminutt: Så scorer Brann! Det er Vegard Leikvoll Moberg som har funne plass i feltet. Fji var på ballen, men klarar ikkje stoppe skotet.

31. speleminutt: Niklas Castro prøver seg igjen, denne gongen frå venstre. Skotet er inga stor utfordring for Sogndal si sisteskanse.

29. speleminutt: Sivert Heltne Nilsen vinn ballen på midtbana og sendar i veg Niklas Castro på Brann si høgreside. Han dreg seg innover i bana og skyt, men Martin Ove Roseth får blokkert skotet meisterleg.

28.speleminutt: Corneren vert ikkje farleg.

27.speleminutt: Brann får eit nytt hjørnespark etter eit godt skot frå Sven Crone. Skotet hadde retning mot det nederste venstre hjørnet, men redningen frå Fji er god.

25.speleminutt: Brann får hjørnespark. Aune Heggbø slår inn, men ballen vert heada ut,. Sven Crone løftar inn igjen. Ein Sogndal-spelar kjem fyrst på ballen på høgresida, men så vinn Brann den igjen. Til slutt endar ballen hos Renze Fji.

22.speleminutt: Så er det Brann som spelar seg til ein god sjanse! Skotet frå Castro vert blokkert.

20.speleminutt: Ingimundarson skyt etter ein periode med godt trykk frå Sogndal. Skotet er svakt og går til side for mål, langs bakken.

19.speleminutt: Skotet frå Nessø går i muren, men Sogndal bit seg fast djupt inne på Brann sin banehalvdel. Får til slutt innkastet og.

18.speleminutt: Ulrik Mathisen lekar seg på Brann stadion! Tek berre fart mot mål, og spring frå fleire Brann-spelarar. Får frispark i svært farleg situasjon, og Brann-spelar Fredrik Pallesen Knudsen får gult kort.

17.speleminutt: Brann går i angrep. Pasninga på tvers mot Niklas Castro vert for upresis, og ballen går ut til utspark frå mål.

RAUDT HAV: Det vert blussa i fyrste omgang mellom Brann og Sogndal.
RAUDT HAV: Det vert blussa i fyrste omgang mellom Brann og Sogndal.

15.speleminutt: Enorm Sogndal-sjanse! Ballen går i stolpen og ut etter eit skot frå kort distanse frå Per-Egil Flo.

13.speleminutt: Dyngeland må ut og boksa eit innlegg. Det heile endar med hjørnespark for Sogndal.

11.speleminutt: Brann med nytt angrep. Sven Crone får slått eit innlegg, men finn ikkje ein medspelar.

9.speleminutt: Per-Egil Flo slår eit innlegg frå venstre, som Mathias Dyngeland fangar enkelt.

8.speleminutt: Mathias Rasmussen dansar framover i angrep med ballen i beina. Avslutninga går derimot langt til side for mål.

6.speleminutt: Ulrik Mathisen vert spelt åleine gjennom, men blir avblåst for offside.

5.speleminutt: Det har verkeleg vore fart i denne kampen frå start av. Begge lag verkjer lysne på angripe!

3.speleminutt: Brann får hjørnespark. Det reinskast unna. Brann beheld ballen, men den ender hos Renze Fji etter eit innlegg.

2.speleminutt: Det vert ein kort variant der Mathisen får tråkla seg inn i feltet. Endar med utspark frå mål.

1.speleminutt: Ørjasæter finn Ingimundarson. Islendingen rappar til frå like utanfor 16-meteren. Sogndal får corner.

STINN BRAKKE: Sogndal-supportarane stillar mannsterke i Bergen, nett som forventa.
STINN BRAKKE: Sogndal-supportarane stillar mannsterke i Bergen, nett som forventa.

1.speleminutt: Kampen er i gang!

Laurdag klokka 20:00 møtest Sogndal og Brann til dyst i OBOS-ligaens fjerde runde.

Tore André Flo har valt ut følgjande startellevar til kampen (4-4-2):

Renze Jagger Fij – Hördur Ingi Gunnarsson, Martin Ove Roseth, Andreas van der Spa, Per-Egil Flo – Andreas Hoven, Valdimar Thór Ingimundarson, Ulrik Mathisen, Sondre Holmlund Ørjasæter – Kristoffer Nessø – Kristoffer Hoven

Desse startar på benken for Sogndal:

Daniel Gjerde Sætren, Axel Kryger, Jonatan Ingi Jonsson, Peter Godly Michael, Eirik Lereng, Mathias Blårud, Anders Johannessen Nord, Kristoffer Haukås Steinset, Erik Hovden Flataker

Brann startar med følgjande lag: (4-3-3)

Mathias Lønne Dyngeland – Sven Crone, Fredrik Pallesen Knudsen, Andreas Skovgaard Larsen, Ruben Kristiansen – Vegard Leikvoll Moberg, Mathias Knutsen Rasmussen – Sivert Heltne Nilsen – Niklas Castro, Aune Heggebø – Frederik Børsting

Desse sit på benken for Brann:

Eirik Holmen Johansen, Ole Didrik Blomberg, Felix Horn Myhre, Bård Finne, Kasper Holmboe Skaanes, Filip Møller Delaveris, David Møller Wolfe, Niklas Jensen Wassberg, Isak Tomar Hjorteseth

Powered by Labrador CMS