Brannvesenet rykka ut på Årdalstangen

Publisert Sist oppdatert

Brannvesenet rykkjer ut til ei privat adresse på Årdalstangen etter melding om glør frå ei skorstein, melder 110 Vest på Twitter klokka 20:32.

Sigurd Hadeland i 110 Vest fortel at det var huseigaren sjølv som meldte om forholda.

Etter ein snau halvtime hadde brannvesenet kontroll på staden.

– Det gjekk veldig raskt dette her. Ingen synlege flammar og ingen skade på eigedom. Brannvesenet har no gjort seg ferdig på staden.


Powered by Labrador CMS