GLAD: Evan Lewis og bryggeriet Ægir lagar ikkje berre øl. No har dei og vunne medaljar for både ginen og vodkaen sin.
GLAD: Evan Lewis og bryggeriet Ægir lagar ikkje berre øl. No har dei og vunne medaljar for både ginen og vodkaen sin.

Brennevin frå Flåm tok fire medaljar i kåring i USA: – Me er svært stolte

Ægir Bryggeri får merksemd i utlandet.

Publisert

Ægir Bryggeri frå Flåm har vunne fire medaljar i kåringa World Spirits Competition i San Francisco.

Bryggjeriet fekk to Double Gold-medaljar for høvesvis ginen Happycat Old Tom og ein ny gin som ennå ikkje er lansert, med namnet KVIST. I tillegg vann dei sølvmedalje for ginen Heimdall og vodkaen Valkyrie.

Dagleg leiar i bedrifta, Evan Lewis, er særs glad for medaljane.

– Me er svært stolte av å oppnå slike prisar på våre brennevinsprodukt. Eit dobbelt gull betyr at desse er produkt i verdsklasse, seier Lewis til Porten, på veg heim frå USA.

Han legg og til:

– Dette er ei stadfesting på at fokuset me har hatt på brennevinssatsinga er rett.

Powered by Labrador CMS