INDRE SOGN: Politiet rykka ut til ein serveringsstad i Sogndal.
INDRE SOGN: Politiet rykka ut til ein serveringsstad i Sogndal.

Rusa sogndøl sett i arrest

Den overstadig rusa mannen enda opp i drukkenskapsarresten måndag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 18:30 måndag kveld vart politiet tilkalla til Damskipkaien i Sogndal sentrum, der ein overstadig rusa mann var ufin med beteninga.

Politiet fekk kontroll på mannen som truga med å både sparka og spytta. Politibetjent ved Sogndal lensmannskontor, Sondre Lillebolstad, fortel at han vart sett i arrest for oppførselen.

Han forklarer vidare at det ikkje er kvardagskost med slik type oppførsel, som enda i drukkenskapsarresten.

– Det er sjeldan, spesielt på ein måndag, seier Lillebolstad.

Powered by Labrador CMS