AVTALE: Einarsen Eigedom og Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har inngått ein avtale som gjer at Veidekke flyttar til Sogndal og Sjøkanten Workplace, samstundes som Einarsen Eigedom kjøper Vangestadvegen 6.Foto: Einarsen Eigedom
Einarsen Eigedom kjøper Veidekke sin eigedom på Kaupanger: – Ekstremt gledeleg
Einarsen Eigedom AS og Veidekke Bygg Sogn og Fjordane er samde om ein totalavtale som gjer at Veidekke flyttar til Sogndal og Sjøkanten Workplace, samstundes som at Einarsen Eigedom kjøper eigedommen deira, Vangestadvegen 6, på Kaupanger.
Det skriv Einarsen Eigedom i ei pressemelding.
– Denne avtalen har me arbeida med ei stund og det er ekstremt gledeleg at den no er i hamn, fortel Frode Einarsen i Einarsen Eigedom.
Einarsen Eigedom har konkrete planar for eigedomen dei no har kjøpt frå Veidekke Bygg Sogn og Fjordane, men av omsyn til pågåande dialogar ønskjer dei ikkje gå i detalj om planane anna enn at eigedomen er strategisk viktig for Einarsen Eigedom sine prosjekt.
EIGEDOM: Frode Einarsen i Einarsen Eigedom.Kyrre Fitje
Selskapa har i tillegg til signert ein samarbeidsavtale om bygging av eit konkret og framtidig prosjekt som etter planen skal lanserast i løpet av året. Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har holdt til på Vangestadvegen 6 på Kaupanger sidan 1976, i 36 år.
Flyttinga til Sjøkanten Workplace markerer eit skifte som dei ser fram til:
– Veidekke Bygg Sogn og Fjordane ser fram til å kome inn i nye og tidsriktige lokale i Sogndal Sentrum. Me trur at dette skal sikre fortsatt sterkt nærvere og vidare vekst i området, seier distriktsleiar Ole Petter Henden.
–- Me gler oss til samarbeidet med Veidekke Bygg Sogn og Fjordane og ønskjer dei velkomen som leigetakar på Sjøkanten, avsluttar Frode Einarsen.