LIVSGLAD: Kåre Hestetun er ein livsglad 91-åring som førre veke feira dagen sin med fullt hus på Åbo.
Foto: Lasse Styve Andersen
Kåre greidde seg sjølv inntil han var 90 år: – Enkelte vil ha det oppi hendene, men det går ikkje
Kåre Hestetun fylte nyleg 91 år. Han har budd på Åbo i Årdal i omlag to år og tykkjer dei har det veldig godt der, men oppfordrar bebuarane til å kome meir saman med kaffikoppen og koseprate i stovene.