VRAKA: Elise Thorsnes fekk ikkje plass i Norge sin tropp til fotball-EM i sommar.
VRAKA: Elise Thorsnes fekk ikkje plass i Norge sin tropp til fotball-EM i sommar.

Thorsnes fekk ikkje plass i Norge sin EM-tropp – likevel vil ho vere på plass under meisterskapet

Toppserien sin toppscorar får ikkje tillit av landslagssjefen.

Publisert Sist oppdatert

Elise Thorsnes frå Leikanger fekk ikkje plass i trenar Martin Sjögren sin tropp til Fotball-EM i sommar. Det vart klart tysdag.

Thorsnes vil likevel vere på plass under meisterskapet i England. Ho har nemleg fått seg jobb som ekspertkommentator for NRK.

– Det blir veldig kjekt. Det har låge i korta sidan midten av april. Eg har vore med å kommentere landslaget for NRK litt tidlegare og det har vore planen lenge om eg ikkje skulle bli tatt ut, seier Thorsnes til NRK.

Med sine elleve nettkjenningar er Thorsnes ertoppscorar i Toppserien denne sesongen. Til NRK seier ho at ho føler ho har prestert og levert bra denne sesongen. Samstundes var ho førebudd på å ikkje bli tatt med, og seier at ho tok det fint.

Martin Sjøgren seier dette om avgjerda:

– Det er jo alltid slik med dei spelarane som er på vippen til å bli med, som har forhåpningar om å vere med, men så blir ein ikkje tatt ut, og sjølvsagt blir ein skuffa. Det er ein heilt naturleg reaksjon, men Elise tok det på ein god måte.

Powered by Labrador CMS