No stengjer dei Judas-svingen

I løpet av hausten skal vegen utbetrast.

Publisert

Det skal utførast vegarbeid i nedste del av Engjadalsvegen, kjend som Judas-svingen, i ein periode, melder Luster kommune på sine heimesider.

Arbeidet startar opp i oktober og vil verte ferdig i løpet av november månad. Det vil vere redusert framkomelegheit i perioden og kommunen seier ein må pårekna at vegen vil vere stengt måndag til fredag mellom klokka 08:00 og 15:00.

I denne perioden vil det vera ein halvtimes opning frå klokka 11:30 til 12:00.

Særskild avtale om opning kan gjerast etter avtale med kommunen.

Powered by Labrador CMS