GÅR VIDARE: Ola Skram har fått jobb som kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft.
GÅR VIDARE: Ola Skram har fått jobb som kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft.

Ola Skram gir seg som redaktør i Porten og byrjar i Sognekraft: – Stolt av det me har fått til

Samstundes sluttar òg nyheitsredaktør Even Barka i Porten.

Publisert Sist oppdatert

– Det kjennest jo litt vemodig å skulle gje seg. Porten har vore i hovudet mitt tilnærma 24 timar i døgnet i halvanna år, men no var det tid for nye utfordringar, seier Ola Skram som sluttar i løpet av sommaren.

Skram har fått fast jobb som kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft, men tek med seg mange gode minner frå avisa på veg ut av døra.

Rogalendingen Even Barka kom inn i stillinga som nyheitsredaktør i april etter å ha jobba som nyheitsjournalist i Medier24. Barka har no bestemt seg for å søkje andre utfordringar, og har sin siste arbeidsdag i avisa 14. juni.

Arbeidet med å finne nye redaktørar er allereie i full gang, og meir informasjon omkring dette vil verte kjent snarleg.

Ambisjonar og høge tal

Ola Skram kom inn i Porten november 2020. To månader seinare vart han konstituert som ansvarleg redaktør. Skram fekk jobben på permanent basis ikkje lengje etter.

– Det var ein ære å få den tilliten frå styret. Eg tykkjer me har klart oss bra, løfta det journalistiske produktet og dessutan skapt eit klarare uttrykk for kva me er og vil gjere.

Porten har synt vekst i abonnenttal over tid og i 2021 var det den raskast veksande lokalavisa i Vestland, prosentvis. Skram trekk og fram utviklinga på kontoret i Årdal og satsinga der som noko han er svært stolt over.

– Då eg kom inn i avisa hadde me ingen som jobba der. No er det to dyktige journalistar, som verkeleg gjer jobben. Det er veldig moro.

VENER: Even Barka og Ola Skram er samde i synspunktene kring Porten.no, og skil lag som vener.
VENER: Even Barka og Ola Skram er samde i synspunktene kring Porten.no, og skil lag som vener.

Trass gode resultat er det ikkje berre berre å drive ein liten avisbedrift med høge ambisjonar. Skram legg ikkje skjul på at jobben også har vore krevjande.

– Eg føler at Porten har tatt store steg, men det er også ein arbeidsplass som krev mykje av oss som er her. For min eigen vart den totale vurderinga at eg hadde fått til mykje av det eg ønskte å oppnå, og at eg difor også ønskte meg nye utfordringar.

– Jobben i Sognekraft er noko eg gler meg mykje til å ta fatt i. Det er ein solid arbeidsplass og ein spanande stilling å tre inn i, seier Skram.

På søken

Even Barka har funne seg godt til rette både i Sogndal, og har dessutan trive godt i lag med journaliststaben.

Likevel ønskjer også han seg vidare. Han har dette å seie om kvifor han no vel å sjå seg om etter nye utfordringar:

– I løpet av tida mi i Porten har eg innsett at bedrifta ikkje deler mine visjonar for ytterlegare satsing, og at eg også trivest betre i ein anna type redaksjon. Det å ha kome til ei slik erkjenning allereie no er sjølvsagt leit, men avgjerda om å gå vidare kjennest likevel riktig ut.

GIR SEG: Nyheitsredaktør Even Barka sluttar i Porten.no.
GIR SEG: Nyheitsredaktør Even Barka sluttar i Porten.no.

Barka og Skram er samde i deira synspunkt kring dette, og skil lag som gode vener.

– Skram har gjort ein strålande jobb med å løfte Porten.no til eit høgt nivå dei siste eitt og eit halvt åra, og han kan vere stolt over det han har fått til. Eg unner han verkeleg å ta fatt på nye utfordringar, og håper å sjå han att i journalistikken på eit seinare tidspunkt.

– Barka er ein solid journalist med alle moglegheiter framfor seg. Han har vore profesjonell heile vegen i sin tid her, og er ein som trass omstenda kan gå ut herifrå med heva hovud. Eg er sikker på at han får seg ein solid jobb når han no er i ein søkjarprosess.

Barka har dette å seie om Porten som arbeidsplass:

– Eg er takknemleg over å ha fått lov til å jobbe med så dyktige og hyggelege menneske i mi tid i Porten, og eg har òg vorte imponert over all den kompetansen som finst i bedrifta. Eg ynskjer dei all mogleg lukke til på vegen vidare.

– Lykke til vidare

Dagleg leiar Kristine Haglund roser begge dei avtroppande redaktørane.

Om Ola Skram seier Haglund:

– Ola kom inn som redaktør tidleg i fjor, og har heilt klart løfta fram kvaliteten Porten sitt innhald. Han er ein ambisiøs type som har eit enormt engasjement, og som har sett sitt preg på organisasjonen.

– Ola har lagt bak seg mykje hardt arbeid som gjenspegler seg i avisa. Han vil bli savna, men eg ønskjer han lykke til vidare.

Haglund meiner avtroppande nyheitsredaktør Barka har prega Porten i løpet av perioden han har jobba i avisa.

– Even kom inn som eit friskt pust i april og har allerede satt sitt preg i staben. Han har vore eit godt tilskudd i tida han har vore her.

Powered by Labrador CMS