NYHEITSREDAKTØR: Even Hye T. Barka er på plass i Sogndal, og vil i tida som kjem vere med å prege nyheitsbiletet i Sogn som nyheitsredaktør for Porten.
NYHEITSREDAKTØR: Even Hye T. Barka er på plass i Sogndal, og vil i tida som kjem vere med å prege nyheitsbiletet i Sogn som nyheitsredaktør for Porten.

Even (23) er på plass: – Spent på kva vi kan få til

Nyheitsredaktøren har allereie rukke å tjuvstarte på nokre saker.

– Sogn har verkeleg synt seg frå si beste side, seier Even Hye T. Barka.

23-åringen frå Jørpeland tok i helga med seg flyttelasset frå Oslo for å ta fatt på sin nye kvardag her i Sogn som nyheitsredaktør for Porten.

Eigentleg skulle han hatt nokre dagar fri og ikkje byrje i jobben før fredag 1. april, men alt måndag kom den nyfikne og nyheitsjagande rogalendingen inn og snusa etter idear i eitt av Porten sine lokale i Sogndal sentrum. Første sak er allereie publisert.

PÅ PLASS: Barka er ikkje så alt for god på å ha fri og gjere ingenting. Det passar godt når han no vert nyheitsjagande redaktør i Porten.
PÅ PLASS: Barka er ikkje så alt for god på å ha fri og gjere ingenting. Det passar godt når han no vert nyheitsjagande redaktør i Porten.

– Du klarte ikkje å halde deg unna?

– Hehe, nei når eg fyrst var her så var det jo berre å kome i gang, seier han.

Sol og spaning

Sjølv er han busett i Sogndal, men vil veksle mellom å jobbe i Sogndal og på kontoret i Årdal. Det han har sett av Sogn til no er han nøgd med.

– Korleis har det eigentleg vore å flytte frå storbyen til vesle Sogn?

– Det er jo stor forskjell sjølvsagt, men enn så lenge har eg vorte imponert over alt som Sogndal har å tilby. Det er som ein miniatyrby, det vil passe meg bra. Eg har enno ikkje fått vore i Årdal på kontoret der, men gler meg veldig til å utforske bygda, og ikkje minst til å sjå meir av Sogn.

Han er ung, men har allereie god erfaring frå journalistbransjen. For første gong tek Barka fatt i ein leiarstilling.

– Er du spent?

– Eg gler meg først og fremst, mellom anna til å bli kjent med sogningane og få lov til å fortelje deira historier. Og så er jo Porten ein svært spanande redaksjon å vere i med tanke på satsinga som skjer. Eg er spent på kva vi kan få til og eg trur det kan bli veldig bra.

Les den første saka til Barka her:

Powered by Labrador CMS