AUKA FARENIVÅ: Her er Svardalsbreen frå Veitastrondsvatnet
AUKA FARENIVÅ: Her er Svardalsbreen frå Veitastrondsvatnet

Aukar farenivået for jord- og flaumskred

Det er no sendt ut oransje farevarsel om jord- og flaumskred.

Publisert

Onsdag 5. oktober har NVE sendt ut eit oransje farevarsel for jord- og flaumskred for heile Indre Sogn. Faren aukar i dag, og vil vare til fredag kveld.

Med oransje farevarsel tyder det no at situasjonen kan bli såpass alvorleg at der er fare for at store skader kan medføra.

NVE råder om å halda seg oppdatert på utviklinga av været:

– Hold deg unna bratte skråningar, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fritt for rusk, er oppfordringa.

Beredskapsmyndigheiter skal vurdere fortløpande behov for beredskap og førebyggjande tiltak.

Powered by Labrador CMS