MILJØBEVISSTE: 9. klasse ved Farnes skule framfor container der alt søppel vert kasta i dag. No skal dei sortere matavfall i eigne posar i dei to vekene som kjem.
MILJØBEVISSTE: 9. klasse ved Farnes skule framfor container der alt søppel vert kasta i dag. No skal dei sortere matavfall i eigne posar i dei to vekene som kjem.

Denne gjengen skal hjelpe årdølene med å redusere matsvinn

– Det er vår framtid og det er viktig at me gjer noko med det no, ganske fort.

Publisert Sist oppdatert

I to veker skal elevane på ungdomstrinnet i Årdal vege matavfallet til ulike bedrifter og institusjonar i Årdal. Til slutt skal dei skrive ein rapport med forslag til konkrete tiltak. Denne skal presenterast for lokalpolitikarane i eit kommunestyre i januar.

– Oppdraget er spennande, byrjar Emmeli Jevnaker (14).

– Det er ikkje bra at så mykje mat vert kasta. Me kan gjera ein forskjell, held ho fram.

Oppdraget har dei fått frå kommunen sjølv. Den einaste kommunen i indre Sogn som i dag ikkje sorterer matavfall.

ENGASJERTE ELEVAR: Frå venstre- Ella Opheim Furuborg, Katarina da Silva Sveen, Emmeli Jevnaker.
ENGASJERTE ELEVAR: Frå venstre- Ella Opheim Furuborg, Katarina da Silva Sveen, Emmeli Jevnaker.

Saman med klassekameratane Katarina da Silva Sveen (14) og Ella Opheim Furuborg (13) er Jevnaker ekstra engasjerte i prosjektet

Blant dei konkrete tiltaka, restemiddagar, etablering av ein matsentral og å tørre å bruke mat som er gått ut på dato, men framleis god.

– Ein kan til dømes lage fuglemat av kornblanding som er gått ut på dato, seier Sveen.

Dei mistenkjer at det vert kasta meir mat enn ein har oversikt over. Dei håpar at arbeidet kan setje fokus på matsvinn.

– Det er vår framtid. Det er viktig at me gjer noko med det ganske fort, seier Jevnaker.

Ingen av dei kan mykje om sortering i dag. Dei har ikkje system for dette heime, utanom at papp og papir vert skilt ut frå restavfall.

Nye krav om sortering av avfall

Frå 2023 kjem Miljødirektoratet med strenge lovpålagde reglar om sortering av avfall. Årdal skil seg frå kommunane rundt når det gjeld sortering av søppel. «Renovatøren» har føringar om plast og papir samla, elles alt i restavfall.

Nettavisa Porten tek kontakt med Henrik Styve Stokstad. Han er leiar for miljø, vatn, avløp og renovasjon i Årdal kommune. Han opplyser dei skal ha ein plan for sortering på plass i god tid før det lovpålagde påbodet.

Stine Ohrvik er prosjektleiar for tekniske tenester i kommunen. Ho syner til at dei har eit godt samarbeid med Sunde Resirk AS i dag.

– Me har eit veldig godt system, men me kan bli betre, seier ho.

KAN BLI BETRE: Prosjektleiar for tekniske tenester i Årdal kommune, Stine Ohrvik, vedkjenn at Årdal kommune kan bli betre på resirkulering.
KAN BLI BETRE: Prosjektleiar for tekniske tenester i Årdal kommune, Stine Ohrvik, vedkjenn at Årdal kommune kan bli betre på resirkulering.
ENGASJERTE: Frå venstre - Emmeli Jevnaker, Linnea Nykvist, Trym Hove og Jørund Løken (pedagogikkstudent).
ENGASJERTE: Frå venstre - Emmeli Jevnaker, Linnea Nykvist, Trym Hove og Jørund Løken (pedagogikkstudent).

Rigmor Skrede er rådgjevar og lærar på 9-trinn Farnes skule. Ho seier at berekraftig utvikling er ein viktig del av prosjektet.

Vidare seier ho at prosjektet er organisert med midlar gjennom Lektor2-ordninga og i samarbeid med ViteMeir på Kaupanger. Lektor2-ordninga er ei nasjonal realfagssatsing som vert finansiert av Kunnskapsdepartementet og leia av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo.

– Kva går oppdraget frå Årdal kommune konkret ut på?

– Me kjem til å arbeide med oppdraget i ulike bedrifter og institusjonar. Elevane skal arbeide med matsvinn i butikkar, sjukeheim, kafé, barnehagar og skular. Dei skal undersøke matsvinn ved å vege avfall i to veker. Slik får dei ein oversikt over kor mykje som vert kasta. Etter kvart skal dei kome med forslag til tiltak, forklarar Skrede.

Ho meiner det er positivt at elevane får vere med og setje fokus på problemet gjennom eit konkret samarbeid med Årdal kommune. Rågjevaren viser til FN sine berekraftsmål om å redusere matsvinn fram mot 2030. Oppgåva er og heilt i tråd med fagfornyinga i skulen der berekraft er eit viktig tverrfagleg emne, forklarar ho.

Powered by Labrador CMS