INNFØRER TILTAK: Årdal kommune sett inn fleire tiltak for å slå ned koronasmitten i kommunen. Her er Øvre Årdal i november.
INNFØRER TILTAK: Årdal kommune sett inn fleire tiltak for å slå ned koronasmitten i kommunen. Her er Øvre Årdal i november.

19 smittetilfelle i Årdal. Innfører fleire tiltak.

Det er i hovudsak skuleelevar og familiemedlemmar som er sjuke.

Publisert Sist oppdatert

Kommuneoverlege Frode Myklebust seier i ei pressemelding at ein no har eit pågåande utbrot i kommunen.

Totalt har nitten personar testa positivt for koronavirus tysdag.

Kommunen skriv at det i all hovudsak er elevar og tilsette på Farnes skule og Tangen skule som er smitta.

Må gå i karantene

Kommunen vil leggje til rette for screening av elevar fredag og måndag. Kommunen skriv at testutstyr er utlevert.

Dei som er smitta skal vere sett i isolasjon, husstandsmedlemmar har fått melding om å gå i karantene.

– Dette vert gjort som eit førebyggjande tiltak og mens ein ventar på dei nasjonale reglane etter regjeringa sin pressekonferanse i kveld, står det.

Innfører tiltak

Kriseleiinga i Årdal har innført dei følgjande tiltaka for å slå ned smitten så raskt som råd.

  • Leggje ned all aktivitet på kveldstid for barn og vaksne frå og med 7. desember til og med 15. desember.
  • Bruk munnbind der du ikkje kan halde 1 meter avstand
  • Vere forsiktig på reise ut av kommunen
  • Ha færrast mogleg nærkontaktar
  • Hald deg heime når du er sjuk og test deg ved nyoppståtte symptom
  • Vask hender
Powered by Labrador CMS