NATTESTENGD: Fodnes ferjekai vert stengd i to netter framover.
NATTESTENGD: Fodnes ferjekai vert stengd i to netter framover.

Fodnes ferjekai vert stengd framover

Den mellombelse ruta er Mannheller – Lærdal.

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at Fodnes ferjekai vert stengd to netter i juni. Det gjeld tysdag 14. juni frå klokka 23.30 til 04.30 den 15. juni, og tilsvarande den 15. til 16. juni.

For begge nettene vert siste avgang frå Fodnes klokka 23.30 til Mannheller. Etter det vil ferja gå Mannheller – Lærdal. Frå klokka 04.30 vil ruta gå som normalt frå Fodnes til Mannheller.

Dette er avgangane mellom Mannheller og Lærdal:

  • Frå Lærdal klokka 00.45, 02.15 og 03.50, og via Fodnes klokka 04.30.
  • Frå Mannheller 00.00, 01.30 og 03.00.

– Det er vedlikehaldsarbeid, og me skal skifte ut landplate og eit aggregat, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid til Porten.

Røneid opplyser om at landplata er det som bind saman ferjebrua og kaia på land, og at ein ikkje kan køyre over når den er borte.

Merknad: Ein tidlegare versjon av denne artikkelen kunne gje inntrykk av at nattestenginga berre gjeld 14. juni. Denne feilen vart korrigert klokka 14.00.

Powered by Labrador CMS