Pressemelding:

NØGD: Nyheitsredaktør Tobias Lucey er nøgde med tala.
NØGD: Nyheitsredaktør Tobias Lucey er nøgde med tala.

Porten veks nest mest i Sogn og Fjordane: – Det er veldig motiverande

Kva er hemmelegheita bak Porten sin vekst på 5,1 % fleire tingarar fyrste halvdel av 2022 samanlikna med fyrste halvdel av 2021?

Publisert Sist oppdatert

I dag var dei nye opplagstala frå Landslaget for Lokalavisene (LLA) for 1. kvartal av 2022 offentleggjort. Tala syner at Porten veks nest mest i heile Sogn og Fjordane.

– Kvar dag er ein fest i Porten, smiler ein glad nyheitsredaktør.

– Det er sjølvsagt veldig fint. Det syner at Porten klarer å produsere noko som fell i smak. Det er veldig motiverande når ein tenkjer over alle timane ein legg inn i arbeidet for å få avisa til å gå rundt, seier han.

Hardtarbeidande journalistar

Lucey skryt også av journalistane, og peikar på at det er flott at folk vil ha fleire alternativ, som årsak til veksten.

– Me har ein stab i Porten som brenn for produktet og som gjer det til sitt eige og er villige til å leggje inn ein ekstra innsats. Det speglar seg i interessa folk har for avisa og innhaldet. Så trur eg at me er eit godt alternativ til andre medium i Sogn, spesielt i Årdal, og at folk set pris på variasjon.

NØGDE: Dagleg leiar Kristine Haglund og konstituert redaktør Lasse Styve Andersen.
NØGDE: Dagleg leiar Kristine Haglund og konstituert redaktør Lasse Styve Andersen.

Også dagleg leiar i Porten, Kristine Haglund, er nøgd med journalistane.

– Me veks sakte men sikkert med tida. Det er viktig med flinke folk, og det har me no. Eg må skryte over innsatsen til samtlige i Porten, me har svært dedikerte tilsette, seier ho.

Etter eit noko krevjande halvår med byte av både redaktør og nyheitsredaktør seier Haglund at ein likevel kan sjå ein liten nedgang dersom ein samanliknar med førre halvår.

– Me viser vekst samanlikna med fyrste halvår i 2021, men om me ser på tala frå førre halvår har me gått noko ned i opplag i år. Det er ikkje til å leggje skjul på at me har hatt eit utfordrande halvår i Porten, me har og kutta litt ned på bemanninga inntil vidare. Men me kjem sterkare tilbake, seier ho.

– Jobbar stadig

Men attende til spørsmålet innleiingsvis: Kva er hemmelegheita bak Porten sin store vekst samanlikna med i fjor?

Nyheitsredaktør Lucey seier han har svaret.

– Det er fint å vekse, men å verte større er ikkje alt, og me er ikkje eit produkt ein berre kan pushe på folk. Fyrst og fremst har me vorte større fordi me leverer eit godt journalistisk produkt, og det kjem fordi me torer å satse på folk i staben. Det er svaret på spørsmålet: me skal halde fram med å satse på våre eigne folk. Folk er flinke når dei får sjansen.

Haglund fortel at Porten har tydelege planar for korleis dei skal halde fram med å vekse og å nå måla sine.

– Me jobbar stadig med strategien til Porten, for å finne ut korleis me kan fortsette med veksten. Me må berre fortsette å stå på slik me gjer i dag.

Opplag i avisene i Sogn og Fjordane

Avis Fyrste halvår 2022 Fyrste halvår 2021 Endring i tal Endring i prosent
Ytre Sogn Avis12571194635,2
Porten17621676865,1
Fjordenes Tidende459844231754
Fjordabladet31613066953
Sogn Avis957692982782,9
Fjordingen38613786751,9
Firda Tidend29272893341,2
Firdaposten49044026-122-2,4
Firda11.40911.705-296-2,5
Powered by Labrador CMS