Fjørarock:

Fredag gjekk startskotet for den splitter nye festivalen

Rock, loddtrekning og fjellaure oppsummerer første dag på Fjørarock.

Publisert Sist oppdatert
Det var Stortingsrepresentant Thorbjørn Vereide som fekk gleda av å sparka i gang den nye rockefestivalen i Sogndal sentrum. Han la ikkje skjul på at det ikkje er kvardagskost, sjølv for ein stortingspolitikar.

– Dersom du ikkje har høyrt Blomst før, så er det faen meg på tide! sa Thorbjørn Vereide, før han overlot scena til nettopp Blomst. Dei vart mottekne med opne armar av dei tilskodarane som hadde klart å komma seg på plass til opningsnummeret.

Det å opna ein festival, er kanskje ikkje verdas mest takknemlege oppgåve - særleg dersom ein skal tenka på publikumstalet. Blomst heldt likevel ikkje att på noko, og leverte eit heidundrande show til tilskodarane. Showet inneheldt mellom anna kasting av gitar og hopping frå trommesett.

Neste på lista var Moillrock. Gutane frå nord hadde også høg showfaktor, og hadde mellom anna inkludert ei loddtrekning i programmet. I dette augeblikket held vokalisten opp ei pakke som han påstår inneheld 400 gram fjellaure. Den skal altså gå til ein heldig vinnar.

– Kven har lyseblått lodd, M70? vart det spurt frå scena, og like etter kunne ein høyra jubel blant tilskodarane. Denne heldige mannen hadde gått heilt til topps i trekninga.

Og dei som eventuelt ikkje trudde på det då vokalisten avslørte innhaldet i pakka, fekk no sjå ein 400 gram fjellaure med sine heilt eigne auge.

Den nye eigaren av fjellaura var ikkje like ivrig som bandet, og forsikra vokalisten om at han klarte seg godt utan. Dermed vart fisken liggande på scena under showet, og deretter er det usikkert kva skjebne den måtte møta.

Det som derimot er sikkert, er at publikum heldt fram med å kosa seg med Moillrock. I tillegg til musikken, leverte også nordlendingane nokre kvikke replikkar frå scena. – Ein gong sa ho mamma: «det hjelp ikkje å ha på dress, om du skal vera ein hestkuk likevel», sa vokalisten til dømes - og det er jo livsvisdom som me alle kan ta med oss.

«Vi e Moillrock, vi e fra Honningsvåg. Drikke sprit og prate skit, tusen takk førr oss» sang Moillrock. Men dei som skulle finna på å tru at det var slutten på konserten, kom snart på betre tankar. – Heldigvis har me ikkje så dårleg humor at me avsluttar med den, konstaterte vokalisten.

Så, heilt ut av det blå, oppstod det ein utbrytarsituasjon. Det skjedde då eitt av medlemmane i bandet forlet kameratane sine på scena til fordel for å springa rundt og leika seg blant publikum nedanfor.

Det vart teke godt imot av tilskodarane, som fekk sikra seg eit par høge femmarar frå gitaristen. Det var ein fangst som dei såg ut til å vera svært godt nøgde med.

Så var det neste på lista: Hjerteslag. Bergensarane forsikra sogningane om at dei elska å spela i Sogn - og det er jo ein kommentar som sogningane elskar å høyra.

Og medan Hjerteslag kosa seg på scena, kosa publikum seg nedanfor.

Faktisk hadde publikum det så bra at då bandet prøvde å runda av konserten, møtte dei store protestar frå dei frammøtte. Heile to ekstra songar måtte dei spela før dei fekk lov til å gå av - då trass i at nokre av publikummarane gjerne kunne høyrt på dei endå litt lenger.

Dermed var det siste band sin tur til å innta scena i Sogndal sentrum. Det var Oslo Ess - og dei tok scena med storm.

– Eg trur me berre har spelt for studentane her før. Eller er det nokon som har høyrt oss på Meieriet? spurde vokalisten, og møtte jubelrop frå publikum. Dermed kan ein nok konkludera med at fleire enn berre studentane såg bandet på Meieriet den gongen.

Medan Oslo Ess gjorde seg ferdig på scena, gjekk kvelden på Fjørarock snart mot slutten. Men det er likevel ingen grunn til å fortvila: Festivalen held det gåande i to dagar, og er tilbake for fullt på laurdag.

Powered by Labrador CMS