Trafikkulukke i Årdal: To bilar kolliderte i tunnel

Publisert Sist oppdatert

Fv. 53 Finnsåstunnelen ved Årdalstangen var stengt som følge av ei trafikkulukke.

Klokka 13:25 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i tunnelen. To bilar med to personar skal vere involvert i hendinga. Det melder politiet sjølv på Twitter.

– Det er to bilar som har havna i ein front mot frontkollisjon, seier vaktkommandør Sigurd Hadeland hjå alarmsentralen.

Brannvesenet er på staden, like før klokka 13:40.

Ulukka skal ha funne stad 500 meter inni tunnelen.

– Dei involverte skal vere bevisste, men skadeomfanget er førebels ukjend. Det er enno ikkje avklart om dei skal fraktast vidare til sjukehus, eller legevakt, seier Stine Mjelde operasjonsleiar hjå operasjonssentralen.

Klokka 14:08 er det manuell dirigering på staden. Bilbergar er rekvirert.

På staden var etterforskingsleiar Ørjan Eraker. Han seier det tok lengre tid å få opna for trafikk då dei måtte sikra ein el-bil som var involvert i ulukka.

– Det såg ut som om den eine bilen har kome over i det andre køyrefeltet, men noko meir om årsaka til ulukka kan eg ikkje seie noko meir om før me har fått unnagjort etterforsking.

Etter forholda sakl dei involverte vera i god behold. Dei vil det bli teke avhøyr av fortløpande.

Powered by Labrador CMS