FJÆRLAND: Bilbergar på staden.
Foto: Tipsar
Trailer hamna på tvers av vegbana
I halv tre tida måndag melder Vegtrafikksentralen om eit trafikkuhell på riksveg 5 mellom Bykset og Bøyum i Fjærland.
Her skal eit vogntog ha køyrd utfor ein kant og står no på tvers i vegen. Det skal ikkje vera meldt om personskade, men det er store trafikale utfordringar og det er ikkje passasje.
Klokka 15:15 melder politiet at dei er fram på staden og ventar på bilbergar.
Tungberger er på stedet men det er behov for kranbil. Vegen vil difor vera stengt i fleire timer til.
Siste oppdatering: I halv sju tida måndag kveld melder Vegtrafikksentralen at vegen er open for trafikk.