Fjøra FK får besøk frå Eliteserien i den fyrste runden av NM i fotball.
Fjøra FK får besøk frå Eliteserien i den fyrste runden av NM i fotball.

Fjøra FK møter Eliteserie-motstand i cupen - slik blir fyrste runde

Fjerdedivisjonslaget får besøk frå Sunnmøre i NM.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag vart kampane i cupens fyrste runde offentleggjort på fotballforbundets heimesider.

Fjøra FK, som denne sesongen skal spele i 4.divisjon, møter Aalesunds FK, som er nyopprykka til Eliteserien denne sesongen.

Sogndal møter på si side 3.divisjonslaget Florø.

Rune Pedersen i NFFs konkurranseavdeling seier dette i samband med offentleggjeringa av trekninga:

– Det er nokre sesongar sidan sist me hadde NM-kvalifisering, så det er veldig gledeleg at det var tilbake igjen. Med oppsettet har vi prøvd å skape gode nabooppgjer, samstundes som reise også må takast hensyn til i eit tett kampprogram.

Kampane skal spelast 18. og 19. mai.

Powered by Labrador CMS