STENGT: Fjørevegen i Sogndalsfjøra er ei mykje trafikkert gate. I sommar vert den stengt.
STENGT: Fjørevegen i Sogndalsfjøra er ei mykje trafikkert gate. I sommar vert den stengt.

Held fram med stenging av Fjørevegen

Publisert Sist oppdatert

Vegarbeidet i fjørevegen skulle vere klart denne veka. Det vart det ikkje.

Sogndal kommune melder på sine nettsider at arbeidet vil halde fram endå ei veke.

Røyr og kablar som ikkje låg der ein forventa skal vere grunnen til forlenginga av arbeidet.

"Vegen vert opna seinast fredag 8 juli. Entreprenøren har ferie i veke 28,29 og 30.", skriv kommunen.

Etter ferien vil Fjørevegen i perioder bli einvegskøyrd frå vest mot aust.

Powered by Labrador CMS