Person omkomen etter ulukke i Flåm

Vart erklært død på staden.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 14:06 fekk politiet melding om ei trafikkulukke mellom ein personbil og ein lastebil på E16, Strandavegen mellom Flåm, og Aurland.

Føraren av personbilen er erklært død på staden, men er enno ikkje formelt identifisert, det melder politiet i ei pressemelding. Politiet prioriterer å identifisere den døde, og å varsla pårørande.

Førar av lastebil er fysisk uskadd og får oppfølging av helsevesenet på staden.

Politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe utfører etterforsking og undersøkingar på staden.

Vegen vil bli stengd inntil desse undersøkingane er ferdig. Alternativ omkøyring er via Rv13 Vikafjellet.

Fjerntrafikk mellom aust og vest kan køyre Rv7 via Hardangervidda eller E134, Haukeli.

Politiet ynskjer at dei som kan ha sett sjølve ulukka eller har andre opplysningar tek kontakt på telefon 476 96 060.

Powered by Labrador CMS