REGN: Mykje regn er i vente dei komande dagane.
REGN: Mykje regn er i vente dei komande dagane.

– Ta fram regntøyet i dag om du skal vere ute

Fare for flaum, skred og vindkast.

Publisert Sist oppdatert

Det går mot dårlegare vêr og framover lyt ein børste av støvet av regnfrakken. No er det nemleg gult varsel for flaum, skred og vindkast i heile Sogn.

NVE varslar no om fare for flaum og jordskred på gult nivå. Varselet gjeld for mesteparten av Vestland fylke frå onsdag morgon til torsdag.

Onsdag ettermiddag og kveldar det også lokalt kraftige vindkast på 27–33 m/s frå sør i midtre og indre delar av Vestland, skriv NRK.

Enkelte stader kan det også kome mellom 30 og 50 millimeter regn, melder Meteorologene via Twitter.

Vidare kjem dei med ei klar oppmoding:

– Ta fram regntøyet i dag om du skal vere ute.

Powered by Labrador CMS