KVEN ER «ME»?
Dei du møter i denne artikkelen, er stemmer frå Årdal Utvikling, Årdal Næringssamskipnad og representantar frå industri og næringsliv som stiller på Karrieremessa i Bergen tysdag 4. februar 2020.
Me står saman om «me»-stemma i artikkelen, me vil gjerne snakke med deg i Grieghallen – og du er velkommen til å ta kontakt med oss på telefon eller i form av ein open søknad etter at messa er over også.
4. februar har desse stand i Bergen:
SITEP
Sitep skaper arenaer for samarbeid som aukar innovasjonskraft og innovasjonstakt. Samarbeid mellom akademia og næringslivet er nøkkelen i ei tid da innovasjon blir mindre fysisk og meir virtuell, der kunden like godt er på den andre sida av jorda som på den andre sida av gjerdet.
Med øvingsfabrikk og teknologilab, er sitep ein læringsarena for ein livslang læring for både elevar og erfarne innovatører. Me er med på å forme den industrielle framtida i regionen gjennom å auke samarabeidet mellom bedriftene, skulen, universiteta og andre forskingsmiljø.
BDO
BDO er leiande på revisjon, rekneskap, rådgjeving og advokattenester i Norge. Me skal vera ein verdifull samarbeidspartnar for oppdragsgjevarane våre. Blant BDO sine totalt ca 1600 tilsette i Norge, er me 17 tilsette i Sogn og Fjordane, med kontor i Florø, Førde, Måløy, Sandane og Årdal.
Me ser stor verdi i å vera tilstades lokalt. Det bidreg til at me kan samarbeide tettare med kundane våre. Med entusiasme, fagleg styrke og bransjekunnskap, leverer me tenester med utgangspunkt i kundane sine behov. Slik bidreg me til å skape gode resultat og gode kundeopplevingar. Kundane våre er alt fra små og mellomstore bedrifter til store konsern i både offentleg og privat sektor.
SOGN SPAREBANK
Sogn Sparebank blei til 1. april 2019 etter fusjon mellom Vik Sparebank, Aurland Sparebank og Indre Sogn Sparebank. Banken har ein desentralisert struktur utan hovudkontor, med kontor i Aurland, Bergen, Lærdal, Sogndal, Vik, Øvre Årdal og Årdalstangen
Banken er ein del av Eika Gruppen og er morselskap til Sogn Sparebank Eigedomsmekling og ISSB Eigedom, med Sogn Forsikring som tilknytta selskap. Forvaltningskapitalen pr. 1. april 2019 var MNOK 7 800, og konsernet har 52 tilsette.
ÅRDALSNETT
Årdalsnett er lokal leverandør av breiband og digital-TV. På privatmarknaden er me den største leverandøren i Årdal, og dei fleste bedrifter og offentlege kontor er tilknytta netta våre. Me er òg den einaste breibandleverandøren i området med lokal og rask brukarstøtte.
AGNITIO
Agnitio hjelper med å ta i bruk IT- løysingar som betrer, forenklar og effektiviserer måten kunden jobbar på, og bistår med å ta i bruk teknologi for å realisere meirverdi.
Me har sidan oppstarten hatt ein positiv utvikling og er i dag oppe i 12 årsverk i Årdal. Selskapet er 100% eigd av dei tilsette. Me har stort fokus på kompetanse og utdanning av dei tilsette. Me legg også stor vekt på trivsel på arbeidsplassen.
ÅRDAL KOMMUNE
Når du kjem inn Sognefjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, industribygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.
Me er vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftslivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nær. Me har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette, og me kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.