OPENHEIT: Ved førre kommunestyremøte gjekk Arbeidarpartiet hardt ut mot administrasjonen for mangel på openheit.
OPENHEIT: Ved førre kommunestyremøte gjekk Arbeidarpartiet hardt ut mot administrasjonen for mangel på openheit.

No tek dei grep for meir openheit: Følg med på formannskapsmøte her

No skal formannskapsmøtene sendast direkte.

Publisert Sist oppdatert

For fyrste gong streamer Årdal kommune formannskapsmøte direkte til årdølene. Det vart diskutert ved førre kommunestyre at det var ynskeleg å gjera fleire av møtene tilgjengelege for innbyggjarane.

Det er på bakgrunn av det dårlege omdømmet om openheit som har prega kommunen i lang tid.

Kommunedirektøren, Stig Stark-Johansen, sa at det var ein del av arbeidet kommunen no legg ned for å bli ein meir open kommune.

– Me må vera meir offensive. Openheit er ein føresetnad for at demokratiet skal fungere. Me politikarar har ein veg å gå, og administrasjonen har ein lang veg å gå, sa Kirsti Eklund frå talarstolen under kommunestyremøtet i februar.

Framover kan det og verte aktuelt å streame møtene i dei forskjellige utvala.

Openheit og omsorgssenter

Møtet vil mellom anna ta føre seg spleis på vedlikehald/fornying av akustikkanlegget Farnes Kyrkje, som Porten har skrive om tidlegare, bustadprosjektet i Fritjof Nansensveg 1, og Tya-teltet.

Prosjektmandatet for nytt omsorgssenter på Årdalstangen og prosjektet om ein meir open kommune skal også takast opp.

Følg med på møtet her:

Powered by Labrador CMS