Foto: Børre E. Helgerud/Godset Media
Johan (22) går truleg til engelsk klubb
Etter det VG erfarer tysdag føremiddag er sogndølen Johan Hove (22) nær ein overgang til den engelske fotballklubben Southampton, som rykka ned frå Premier League til Championship førre sesong.
22-åringen har den siste tida vore kontraktfesta til nederlandske Groningen, og har tidlegare overfor VG sagt at han ynskjer å gå vidare frå klubben etter nedrykket.
Tidlegare i sommar var både Hove og Sivert Mannsverk å sjå på U-21 landslaget. U21-laget stilte då med to midtbanespelarar frå Sogn.
Det var under U 21-EM i sommar at det vart kjent at Hove hadde ein nedrykksklausul i kontrakten med nederlandske Groningen.
Han sa følgjande til VG:
– Det er ein sum som har blitt bestemt internt, men eg ynskjer ikkje å kommentera kva den er på, sa Hove til avisa tidlegare i sommar.